Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Har laga bonde-leksikon på nett

“Bondeboka” gjev oversikt over sentrale tema i bondekvardagen.

NYTTIG: www.bondeboka.no er laga for bønder i Vestland, men kan sjølvsagt brukast av alle. Foto: Skjermdump.
NYTTIG: www.bondeboka.no er laga for bønder i Vestland, men kan sjølvsagt brukast av alle. Foto: Skjermdump.

- Bondeboka gjev deg ei oversikt over viktige spørsmål knytt til å eige og drive ein gard. Vi har systematisert bondeboka ut frå sentrale tema i bondekvardagen, og på ein slik måte at du raskt finn fram til det du ønskjer å vite meir om. Mykje av innhaldet gjeld landbruket i Vestland, og har vore etterspurt av både forvalting og bønder i fylket vårt.

Det skriv Landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland som nyleg har lansert eit oppslagsverk på nett, og adressa er sjølvsagt www.bondeboka.no. Her finn du alt om regelverk, lovverk og ordningar du bør kjenne til innanfor dei ulike produksjonene.

Annonse

- Innhaldet er oppretta med stort omhu, men vi kan ikkje garantere for at alt innhald er fullstendig, oppdatert og rett, skriv dei.

Sida er delt inn i bolkar: eiga gard, oppstart, drive gard, tilleggsnæring, lokalmat, skogbruk, mjølk og så vidare. Her finn du godt oppsummert informasjon om nær sagt det meste ein lurar på når ein skal til å drive, eller driv ein gard.

- Vi ønskjer deg lukke til med det gode og viktige arbeidet du gjer på garden din. Finn du noko som er feil, lenkjer som ikkje fungerar eller manglar, kan du ta kontakt med ansvarleg for sida, skriv Statsforvaltaren i Vestland.

Bondeboka ser for journalisten ut som eit oppslagsverk som kan fungera for bønder langt utover Vestland fylke.

Neste artikkel

Han må snart ta et drastisk valg