Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Inntekta til haugalandsbonden auka med 5 700 kroner

Mjølk- og kjøtfeprodusentar auka inntekta, nedgang for sau og gris.

Bønder med mjølk og storfekjøt har hatt ei lita auke i inntekta, mens dei med grisar og sauer har opplevd ein liten nedgang, viser rekneskapstal frå Nord-Rogaland og Sunnhordland. Foto: Dag Idar Jøsang

Den positive utviklinga i inntening frå 2013 til 2015 har flata ut. I 2016 hadde gjennomsnittsbruket ein liten nedgang i innteninga, men i 2017 var det ein liten oppgang på 5 700 kroner. Det viser gardsrekneskapa til 200-300 bruk som Tveit Regnskap har følgt i ein periode på rundt 30 år.

Mjølkeproduksjon er både drivaren og bærebjelken i økonomien i landbruket på Sør-Vestlandet. Oppgangen i den registrerte inntekta hos bruka her kan i stor grad tilskrivast at mjølkebonden hadde litt betre vilkår enn andre produksjonar, skriv Tveit Regnskap.

Betre mjølkepris og høgare utbetalingspris på storfekjøt har slått positiv ut for desse bruka. Mjølkepris auka med 15 øre i fjor, slik at bonden tente 5,93 kroner for kvar leverte liter mjølk. Den gjennomsnittlege avdråtten var på 7 125 liter per ku, og kvar ku ga 31 200 kroner i dekningsbidrag.

Interessa for å produsere mjølk viser seg framleis på mjølkebørsen. Prisen for å kjøpe mjølkekvote ligg på 15-16 kroner, og det er ikkje uvanleg med ein pris på 1,5 kroner per liter for dei som vil leige kvote.

Underskotet på storfekjøt har gitt rom for å utvikle denne delen av næringa. Storparten av storfekjøtet kjem framleis frå mjølkebuskapane, men også på Haugalandet har det vore ein sterk vekst i talet på reine ammekuprodusentar.

Det har vore stor interesse for ammekyr i distriktet til Tveit Regnskap, men den våte sommaren 2017 gjorde at fleire nye prosjekt blei lagt på is utover året. Foto: Dag Idar Jøsang

Detkningsbiddraget per ammeku enda på 9 000 kroner per ku, ei auke frå 7 900 kroner året før. For rein oppfôring av okse gjekk dekningsbidraget opp frå 7 500 kroner til 7 700 kroner.

Prisauke er ein stor del av forklaringa. At ein fekk auka kvalitetstilskotet på slakt i landbruksoppgjeret er ein annan.

Annonse

Både i 2016 og 2017 var det stor aktivitet på nybygg til ammeku, men frykt for overetablering, og ein utfordrande grovfôrhaust, bremsa iveren utover i 2017.

– Ein liten pust i bakken er sikkert lurt, slik at ein ikkje går i sauefella. Livevel er det framleis plass for utviding for dei som har ledige ressursar på bruket, står det i rapporten.

Inntektsveksten dei siste åra har gitt haugalandsbonden ei jamt god investeringslyst dei siste åra.

I gjennomsnitt blei det bygd for 140 000 kroner per bruk i 2017. Det var 11 000 kroner meir enn i 2016.

Investeringa i maskinar har ein kortare horisont, og blir meir prega av dagsformen. Fjorårets våte sommar bidrog truleg til at maskininvesteringane i snitt gjekk ned med 28 000 kroner per bruk, og enda på 131 000 kroner.

Andreas Lundegård er autorisert regnskapsfører/rådgiver landbruk hos Tveit Regnskap og ein av forfattarane av "Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket". Foto: Dag Idar Jøsang

Lånebyrda auka med 49 000 kroner i fjor. Dei ti siste åra har gjelda auka frå 1,2 millionar kroner i gjennomsnitt per gardsbruk, til 2,9 millionar.

– Gjeldsbyrda per bruk er ikkje urovekkande, men auken har gjort haugalandsbonden meir sårbar for vekst i utlånsrenta. Særleg nyetablerte må vere observante når Noregs Bank har varsla auka renter framover. I snitt betalte bøndene 87 000 kroner i renter i fjor, og låge renter har og trigga veksten i investeringar som me har sett dei siste åra.

Inntekta bøndene hentar utanom bruket gjekk ned med 6 000 kroner i fjor, og enda på 370 000 kroner.

Neste artikkel

Slik sparer du skatt mens du sparer til pensjon