At Tine ber norske mjølkebønder om å produsere meir mjølk enn planlagt for å dekke den auka etterspurnaden etter mjølkeprodukt, fører færre kyr til slaktebenken.
Det gjer at Nortura nå justerer ned si prognose for tilførsel av storfe i 2020 med 1 100 tonn, og forventar med det at produksjonen gå ned med 3,5 prosent frå 2019.
Det skriv Nortura i sin prognoserapport for juni 2020.
Det har vore ei auke i salet av storfekjøt sidan midten av mars, og underkeninga er forventa å bli på om lag 6 400 tonn etter at importkvotane er tatt inn.
1750 tonn av underskotet hittil i 2020 har blitt dekka opp av reguleringslager ved inngangen av året.
Likevel tilrår ikkje Nortura fleire nyetableringar for storfe i åra framover fordi tilpasningar i mjølkeproduksjonen gjer framtidsutsiktene usikre.
Overskotet av lam er justert noko ned på grunn av optimisme knytt til salet i haust. Prognosa viser eit overskot på 1 350 tonn etter at heile importkvota frå Island og WTO er rekna inn.
Likevel er det framleis overproduksjon av lam og det ligg nærare 2 000 tonn lam på reguleringslager. Oppfordringa frå Nortura er at aktørane i bransjen aktivt vil marknadsføre lam frå reguleringslager i grillsesongen.
Heil gris er det derimot tomt for på reguleringslagera. Det har auka etterspurnad sørga for. Marknadsregulatoren skriv at salet av produkt med gris aukar, og det same gjer prognosa for heile året.
Dette har mellom anna ført til at slaktegrisvektene har stabilisert seg på eit høgare nivå etter at prisane har blitt justert, og det er eit lite underskot i prognosa som gir eit betre prisuttak. Men er marknadsbalansen skjør, og når reguleringseksporten forsvinn frå neste år gjer det at det ikkje er rom for nyetableringar, meiner Nortura.
Også salet av egg har auka i år, og det blir forventa ei auke i sommar også. Prognosa viser framleis eit overskot på 500 tonn i 2020, som er om lag det same talet som sist.
Forbruket av egg viste ein god vekst i 2019 og dette held fram i 2020. Samla sal av egg til daglegvare og industri er forventa å auke med éin prosent i år.
Likevel er marknadsregulatoren sin bodskap den same her også: Det er ikkje rom for nyetableringar.
Det er situasjonen rundt covid-19, og alle tiltaka styresmaktene har sett i verk, som gjer at marknadsregulatoren Nortura skriv at det framleis er utfordrande å presentere ei salsprognose for kjøt og egg.
Bortfall av grensehandel har auka salet av kjøt i Noreg, og Nortura har lagt til grunn at talet på menneske i landet vil vere normalt. Dei har også lagt til grunn av grensehandelen vil vere normal i tredje tertial, altså frå og med september og ut året.