Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny kraftfôrmiks for bønder som manglar grovfôr

Toplac Fiber heiter Fiskå Mølle sitt nye kraftfôr for mjølkeprodusentar som manglar grovfôr eller fiber.

KRAFTFÔR: Toplac Fiber er ein miks av Toplac Høg og RoetoppTM. Foto: Dag Idar Jøsang
KRAFTFÔR: Toplac Fiber er ein miks av Toplac Høg og RoetoppTM. Foto: Dag Idar Jøsang

Toplac Fiber heiter Fiskå Mølle sitt nye kraftfôr for mjølkeprodusentar som manglar grovfôr eller fiber.

Karftfôrmiksen består av tre firedeler av det svært mjølkedrivande og energirike kraftfôret Toplac Høg og ein firedel av det fiberrike og ureadempande kraftfôret RoetoppTM.

I følgje Fiskå Mølle er Toplac Fiber perfekt for bønder med grovfôrmangel, men som likevel er på jakt etter meir mjølk.

Det nye kraftfôret, som skal vere relativt prisgunstig, kan brukast i større mengder enn vanleg ku-kraftfôr utan at kyra får problem med fordøyinga. Det skal gjere at bonden lettare kan produsere mykje feit mjølk frå sunne og fruktbare kyr, trass i grovfôrmangelen.

Annonse

Fiskå framhevar at det nye kraftfôret også er interessant i buskapar som har rikeleg med surfôr, men der innhaldet av fiber er lågt, slik det er i tidleg hausta gras eller raigras. Det kan for eksempel forenkle kvardagen for for bønder som i dag kjøper fiberrikt kraftfôr i storsekk.

I år har kraftfôrprodusenten registrert at det særleg i Trøndelag, Nordland og Troms mange bønder har ei utfordring med grovfôrmangel, men Fiskå Mølle tilbyr Toplac Fiber langs heile norskekysten, frå Finnmark i nord til Agder i sør.

Neste artikkel

Går i bresjen for høyere norskandel