Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nye Kilden viser 3D og tar imot GPS-data

Kartportalen Kilden visualiserer landskapet i tre dimensjonar.

Å tolke eit kart kan vere utfordrande, men i NIBIO sin kartportal, Kilden, kan du nå ta deg over eng og mellom fjell og dalar med landskapet rundt deg. Enten i ulike kartformat, eller som bilde. For bonden aukar nytten fordi ein også kan laste opp eigne GPS-data og sette dei inn i Kilden-karta.

– Noko av målet med nyutviklinga er ønsket om å gjere det enklare å forstå karta. Vi veit at om lag halvparten av ‘folk flest’ har problem med å forstå kart, seier prosjektleiar Tove Vaaje-Kolstad.

– Flybilder betrar formidlinga ein god del, mens det å ‘vippe terrenget,’ og til dømes vise dalar, fjell og høgdedrag slik vi gjer i 3D, aukar forståinga enda meir.

GRUNNLAG FOR INTERAKTIV BRUK

Den andre delen av nyskapinga er import av GPS-spor. Anten det er bonden som treng å dokumentere nydyrka mark, eller jaktlaget som vil teikne inn jakttårn i området sitt, så er det no mogleg å importere ei GPS-fil inn i Kilden.

– Alt som trengs er ein smart mobiltelefon, seier den entusiastiske prosjektleiaren. Nye Kilden fungerer langt betre på mobiltelefon og nettbrett enn før, fortel Vaaje-Kolstad.

- Vi ser at tenesta kan brukast til ulike føremål. Oppdatering av karta for kontroll av arealbaserte tilskot kan til dømes skje fortare om bonden sjølv bidrar med nye data.

Landbrukskontoret kan sette GPS-fila inn i det rette Kilden-kartet, og bruke det til kontroll eller som grunnlag for oppdatering av kartet dersom det er behov for det.

Prosjektgruppa som har stått for utvikling og gjennomføring av den nye versjonen av Kilden: Bakerst, frå venstre Mattia Natali, Viggo Lunde og Ingrid M. Tenge. Sittande, Christina Sogge og Malte Stratmann. Prosjektmedlemmer Birgitte Kvarme og Line Wahlberg Larsen, og prosjektleiar Tove Vaaje-Kolstad var ikkje til stades da bildet blei tatt. Foto Kjersti Kildahl.
Prosjektgruppa som har stått for utvikling og gjennomføring av den nye versjonen av Kilden: Bakerst, frå venstre Mattia Natali, Viggo Lunde og Ingrid M. Tenge. Sittande, Christina Sogge og Malte Stratmann. Prosjektmedlemmer Birgitte Kvarme og Line Wahlberg Larsen, og prosjektleiar Tove Vaaje-Kolstad var ikkje til stades da bildet blei tatt. Foto Kjersti Kildahl.

LAG DIN EIGEN AREALRAPPORT

I nye Kilden er det og mogleg å sjølv teikne inn eit område i kartet for å få informasjon om arealressursane på staden. Prosjektleiaren forklarer kva det handlar om:

Annonse

– Ein kan få svar på kor mykje som er skog eller dyrka jord, korleis kvaliteten på jordbruksjorda er, kor mykje som kan dyrkast opp og bli til fulldyrka jord, eller om myra er grunn eller djup.

– Landbrukseigedomar der jordbruksarealet kan vere ute av drift er og blant dei menystyrte vala.

Ein slik arealrapport gjer det enklare for regional og kommunal landbruksforvaltning å følgje opp sitt ansvar for ‘areal av nasjonal eller vesentlig verdi,’ slik Landbruks- og matdepartementet seier det. Ansvaret inneber oppfølging av nasjonale føringar om vern av jordressursane og omfattar både jordvern og kulturlandskap.

GODT NYTT FOR TROMS OG FINNMARK

Fleire har etterspurd kartvisning i ulike UTM-soner, sjå faktaboks. Nye Kilden tilbyr også dette.

Dette er UMT-soner og GPS

UTM står for Universal Transverse Mercator og er eitt av fleire system for å projisere den runde jordkloden ned på eit flatt kart, med færrast moglege feil. I Noreg brukes UTM 32 i Sør-Norge til og med Nord-Trøndelag, UTM 33 brukes i Nordland og Troms, mens UTM 35 brukes i Finnmark.Viss ein treng eit koordinatsystem som skal gjelde heile landet, blir sone 33 brukt. Det er standard visning i Kilden. Men ein kan altså også velje 32 og 35.

GPS står for Global Positioning System (amerikansk) og er eitt av fleire nettverk av satellittar som er plassert i bane rundt jorda. Slik er det mogleg for ein GPS-mottakar å fastsette sin eigen posisjon med stor grad av presisjon – gitt at ein har det rette elektroniske verktøyet. Slike verktøy er no blitt allemannseige.

– Spesielt for områda aust i Troms og Finnmark, er dette ein viktig funksjon. Der kan ein no velje visning i UTMsone 35, noko som er særleg nyttig når ein skal måle, finne koordinatar eller samanlikne med andre kart, seier Vaaje-Kolstad.

SØK OG KLIKK

I tillegg til søk på fylke, kommune, stadnamn, adresse, gards- og bruksnummer, er det mogleg å søke etter ulike kartlag. For dei er det mange av i Kilden.

– Listene med alle kartlaga er ikkje alltid så enkle å finne fram i. Vi har god tru på at mange vil like at dei no kan skrive for eksempel ‘beite’ inn i søkefeltet, og få opp ei liste der dei kan velje beite for sau, beite for storfe, beitelagsgrenser eller beitelagsnamn, i staden for å leite i den omfattende lista over kartlag i menyen, seier Vaaje-Kolstad.

Beitesøk i Kilden
Beitesøk i Kilden

Ein annan liten ny funksjon er eit punktflagg a la Google som markerer der du klikkar i kartet. Saman med flagget kjem ein boks med informasjon om kartobjektet, for eksempel at objektet er eit innmarksbeite og kor stort det er:

Skjermbildet viser klikk i kartet med grønt flagg på eit objekt med arealtype innmarksbeite som er 46,7 dekar. I utsnittet er det fleire kartobjekt med innmarksbeite. Derfor er det nyttig med flagget som markerer kva for objekt som er 46,7 dekar.
Skjermbildet viser klikk i kartet med grønt flagg på eit objekt med arealtype innmarksbeite som er 46,7 dekar. I utsnittet er det fleire kartobjekt med innmarksbeite. Derfor er det nyttig med flagget som markerer kva for objekt som er 46,7 dekar.

Neste artikkel

Ingen enkle løsninger