Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nyheitsjuryen er i mål

På Agroteknikk blir det delt ut heider til 101 godkjente nyheiter.

PRISDRYSS: Det skal delast ut sju gullaksplakettar og 17 sølvaksplakettar under Agroteknikk. Foto: Kvass AS
PRISDRYSS: Det skal delast ut sju gullaksplakettar og 17 sølvaksplakettar under Agroteknikk. Foto: Kvass AS

3 innovasjon, 7 gull, 16 sølv og totalt 101 godkjente nyheiter er status for nyheitskåringa. Resultatlista blir offentleg 28. oktober klokka 10:00!

Litt over 100 nye produkt var meldt inn til nyheitsjuryen for Agroteknikk då den utvida fristen gjekk ut midt i september. Etter det har juryen arbeidd intenst og målretta, og vurdert både innmeldt informasjon og henta utfyllande kunnskap der det må til.

No er alle nyheitene grundig vurderte og omtalt. Men ingen andre enn juryen kjenner resultatet.

– Vi har samordna presentasjonen, så den 28. oktober klokka 10:00 vil både gardsdrift.no og norsklandbruk.no presentere nyheitslista. Du får den også i papirversjonen av dei to landbrukspublikasjonane. Bedre Gardsdrift går i posten 25. oktober og Norsk Landbruk blir postlagt 28. oktober, men som vi veit: Posten har litt ymse framsendingstid, så difor denne samordna nettpubliseringa, forklarer juryleiar Jogeir M. Agjeld frå Norsk Landbruksrådgiving.

Nyheitsjuryen på Agroteknikk: Frå venstre: Jogeir Agjeld (leder, NLR), Dag Idar Jøsang (Norsk Landbruk), Hans Christian Endrerud (Høyskolen Innlandet), Erik Brodshaug (Tine), Magnus Mo Opsahl (Bedre Gardsdrift) og Siri Josefine Mo (NLR). Foto: Agroteknikk
Nyheitsjuryen på Agroteknikk: Frå venstre: Jogeir Agjeld (leder, NLR), Dag Idar Jøsang (Norsk Landbruk), Hans Christian Endrerud (Høyskolen Innlandet), Erik Brodshaug (Tine), Magnus Mo Opsahl (Bedre Gardsdrift) og Siri Josefine Mo (NLR). Foto: Agroteknikk
Annonse

Nyheitene blir også å finne på www.agroteknikk.no frå 1. november. Der kan du i tillegg stemme på kva nyheit du meiner fortener tittelen Publikumsfavoritten.

Spennvidda i nyheitslista er stor. Sjølvsagt er her nye traktormodellar, nye harver og snøfresarar og slike klassiske maskiner. Men her er også driftsstyringsverktøy, måtar å handtere data på, og måtar å drive forretning på. Til og med ei såfrøblanding har for første gong funne vegen inn på nyheitslista.

– Det å drive landbruk i Noreg i 2021 er svært allsidig, og krev tilgang til eit breitt spekter av varer og tenester. Leverandørane til landbruket er flinke til å plukke fram gode produkt, eller enda til finne opp heilt nye ting som vi ikkje har sett før, kjem det begeistra frå juryleiaren.

– I tillegg til dei 101 offisielle nyheitene, veit vi at der også er fleire nyheiter som vart meldt inn for seint til å bli med i kåringa. Og vi veit at for deg som bonde, er det kan hende heilt andre ting som er interessant enn det som er aldeles splitter nytt. Det som er bra, er at vi får rapportert at alle utstillingshallane på Agroteknikk er stappfulle av flinke leverandørar og spennande produkt, så vi gler oss stort til både å sjå dei offisielle nyheitene og også alt det andre, på nært hald, den siste helga i november, seier Jogeir.

Neste artikkel

Rekordmange besøkende