Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Prima Brands for ulike merkevarer

Mens Prima Jæren blir ei regional merkevare, skal Prima Brands skille mellom ulike merkevarer.

MERKEVARE: Anbjørn Øglend vil verne om Prima Jæren som eit namn på norsk kjøt, og har oppretta Prima Brands for å ta han om ulike merkevarer. Foto: Dag Idar Jøsang
MERKEVARE: Anbjørn Øglend vil verne om Prima Jæren som eit namn på norsk kjøt, og har oppretta Prima Brands for å ta han om ulike merkevarer. Foto: Dag Idar Jøsang

Kvart år importerer Norge kjøt frå utlandet, som blir seld både i butikk og til storhushaldning. Mellom anna importerer me svineribbe til julemiddagen og storfekjøt for å dekke opp for norsk underdekning.

Prima importerte til dømes finsk grisekjøt før jul. For å ikkje risikere at det importerte kjøtet skal bli assosiert med Jæren har prima skilt ut denne verksemda og oppretta selskapet Prima Brands.

Annonse

- I tider der sporing av mat er i fokus, kan det vera problematisk å selja utanlandske griser frå selskapet Prima Jæren. Forbrukarane er nådelause om me ikkje er tydelege på kor maten kjem frå. Selskapet får no namnet Prima Brands. Kjøt som er norskprodusert og frå Jæren, går ut frå oss under namnet Prima Jæren. Kjøt som er importert, går under namnet Prima Brands. Primabøndene har alltid kalla oss Prima, så for dei blir det inga endring, seier styreleiar og eigar Anbjørn Øglend til Jærbladet.

Neste artikkel

Skal løfte kjøtkvaliteten