Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rogalandsbønder skal utforske regenerativt landbruk

Bonde- og småbrukarlaget får 4,7 millionar kroner over tre år til pilotprosjekt.

REGENERATIVT: I alt 13 store og små gardsbruk i Rogaland skal vere med på prosjektet i regi av Bonde- og småbrukarlaget. Illustrasjonsfoto: Dag Idar Jøsang
REGENERATIVT: I alt 13 store og små gardsbruk i Rogaland skal vere med på prosjektet i regi av Bonde- og småbrukarlaget. Illustrasjonsfoto: Dag Idar Jøsang

På 13 gardsbruk i Rogaland, frå bittesmå grønnsaksaktørar til store mjølkebruk, skal skal dei utforske korleis jordbruk kan klare seg utan bruk av plog, mineralgjødsel og plantevernmiddel.

På garden Kylles i Sandnes skal far og son, Nils Melbøe og Eldar Melbøe Kyllesø, vere ein av deltakarane. Dei håpar prosjektet vil gi svar på korleis landbruket kan bli eit viktig verktøy i kampen mot klimaendringar og tap av naturmangfald.

– Jordbruket er framstilt som klimaversting med kurapet som det store problemet. Då ser ein på utsleppa, men ikkje på kva norsk landbruk kan binde av co₂ i jorda. Kan vi klare å dokumentere dette, vil det vere viktig for norsk landbruk, seier Nils Melbøe til Stavanger Aftenblad.

På Kylles er det moldholdig morenejord, og produksjonen består av 30 storfe, 70-80 sauer og bringebærdyrking.

Annonse

Bøndene som deltar i prosjektet skal arbeide etter det som heiter naturbyggjande, eller regenerativt landbruk, der målet er å produsere mat samtidig som ein aukar det biologiske mangfaldet både i molda og oppå bakken.

Sentralt i prosjektet står Høgskulen for grøn utvikling på Bryne, men det er Rogaland Bonde- og småbrukarlag som er eigar av pilotprosjektet som varar i tre år. Planlegginga startar nå i juni, og er formelt i gang over sommaren.

Satsinga har ei samla ramme på om lag 4,7 millionar kroner over dei tre åra, og er delfinansiert av Rogaland Fylkeskommune.

Dei tre prinsippa det skal arbeidast etter er at ein skal forstyrre molda så lite som mogleg, ein skal dekke molda med planter så ofte som mogleg og ein skal dyrke eit mangfald av vekstar så mykje som mogleg.

Neste artikkel

Røyse Bærpresseri hedret med Spesialitetsmerket