Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sauetjuvar på ferde på svarte natta

Tre menn stakk då dei blei tatt på fersk gjerning.

I lyset frå den sølvgrå varebilen hadde to menn fått tak på ein sau. Tredjemann sat i bilen.

Det var Cecilie Pedersen, søstera til bonden, som fatta mistanke då ho kom heim frå eitt venninnebesøk klokka halv eitt natt til forrige søndag.

Sjølv var bonden, Harald Pedersen, bortreist den helga. Han var på jobb for Fatland på Agroteknikk.

Annonse

Ein bil hadde på litt merkeleg vis rygga då ho kom kjørande på den smale vegen på Skokland, heilt nord i Haugesund. Etter å ha parkert bilen på tunet heime bestemte ho seg for å sjekke litt nærare og kjørte den korte vegen tilbake til beitet.

– Der såg ho bilen som lyste ut på beitet og to menn som hadde fanga ein sau, fortel Harald Pedersen.

Det var Haugesunds Avis som først omtalte saka.

Cecilie Pedersen blei sint og ropte til mennene, og følte situasjonen ubehageleg då ein av mennene hissa seg opp og ropte på gebrokkent norsk. Ho svara at ho hadde varsla fleire naboar, og då slapp dei sauen og stakk frå staden.

– Dette har me ikkje opplevd før. Eg håpar at folk er oppmerksame og melder frå om dei ser nok mistenkeleg. Bønder samlar ikkje sauene midt på natta, seier Pedersen, som reknar med at mennene var ute på tjuvslakting.

Neste artikkel

Avslutter rasegodkjenningsprosjekt