Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal kurse bonden om arbeidsgjevaransvar

Kva plikter og rettar har du som bonde når du tilset folk i sesongarbeid? Landbruksorganisasjonar samarbeider om å gi deg gode svar.

KOMPETANSELØFT: I vinter kan bønder, og særleg dei som brukar sesongarbeidskraft, oppdaterer seg på reglar for arbeidslivet. Arkivfoto: Norsk Landbruk
KOMPETANSELØFT: I vinter kan bønder, og særleg dei som brukar sesongarbeidskraft, oppdaterer seg på reglar for arbeidslivet. Arkivfoto: Norsk Landbruk

Seinast i sommar var det store oppslag i riksmedia med påstandar om utnytting av arbeidskraft i landbruket. Nå vil fire sentrale organisasjonar i landbruket arrangere kurs for å gi bonden eit kompetanseløft i kva plikter og rettar ein har som arbeidsgjevar.

Målet er å tilby oppdatert kunnskap og nyttig rådgjeving for bonden som arbeidsgjevar, og kurset denne vinteren er særleg retta mot arbeidsgjevarar som brukar sesongarbeidskraft. Opplegget er utvikla av Norges Bondelag, Gartnerhallen, Norsk Gartnerforbund og Norsk Landbruksrådgiving, og dei har fått innspel frå både Arbeidstilsynet, Skatteetaten og Politiet.

Kurset blir arrangert som webinar, og varar i fire timar. Eit webinar er eit digitalt seminar, med levande foredrag, samtalar og idéverkstad, der kursdeltakarane deltar via internett.

Det blir åtte møtedagar fordelt på desember 2020 og februar 2021, men det er kun nødvendig å delta ein av dagane.

Kurset er delt opp i fire ulike tema. Det skal gi oversikt over rettsreglar som gjeld i eit arbeidsforhold, det vil seie både arbeidsgjevaren og arbeidstakaren sine plikter og rettar, med tips og råd til korleis arbeidsgjevaransvaret kan følgjast opp i praksis. Dette inkluderer mellom anna ein gjennomgang av arbeidsavtalen, lønn og arbeidstid, innkvartering og andre forhold.

Annonse

Under temaet arbeidsavtale inngår til dømes krav til innhald i avtalen og forhold med særleg verdi for sesongarbeid. Reglar for prøvetid og oppseiing blir også gjennomgått.

Lønn og arbeidstid er tema nummer to. Her blir det gått gjennom timeføring, gjennomsnittsavrekning og overtid.

Under innkvartering er temaet mellom anna buforhold, lønnstrekk og hygiene.

Det fjerde temaet er diverse andre forhold som høyrer til arbeidsgjevaransvaret. Det gjeld skattemessige forhold, sjukepengar, forsikringar, obligatorisk tenestepensjon, dokumentasjon og HMS.

Kurset er gratis å delta på, og obligatorisk for leverandørar til Gartnerhallen og NordGrønt.

Kurshaldarar vil blir Jan Bangen, som er advokat i Norges Bondelag og fagsjef for kurs i organisasjonen, konsulent i Norsk Gartnerforbund, Tove Ladstein, samt bidragsytarar frå Arbeidstilsynet og Skatteetaten.

Neste artikkel

Advarer mot bruk av mellommenn