Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slakta fleire storfe og gris, men færre søyer og lam

Produksjonen av storfekjøt auka med 3,5 millionar tonn.

Det blei slakta 8 200 fleire storfe ved norske slakteri i 2021 enn året før, og det ga 3 600 tonn meir storfekjøt totalt når middelvekta per slakt samstundes auka frå 289 til 293 kilo.

OM ME SAMANLIKNAR MED gjennomsnittet i dei fem åra mellom 2016 og 2020 blei det i fjor slakta 1 200 færre dyr, men på grunn av høgare slaktevekter blei det likevel levert 2 100 tonn meir storfekjøt. Dette er likevel langt unna å kompensere for den utanlandsimporten av storfekjøt som kjem på toppen av kvotar.

Animalia sin slaktestatistikk har tal fram til 18. desember. På grunn av datainnbruddet hos Nortura er Animalia usikre på når dei får avslutta årsstatistikken for 2021 med årets to siste veker.

ETTER TO ÅR MED KRAFTIG nedgang blei det i i fjor slakta tett på 14 000 fleire grisar enn året før. Om ein måler produksjonen i vekt auka den med nesten 5 200 tonn.

Samanlikna med gjennomsnittet for dei fem åra før det var nedgangen likevel på nesten 68 000 grisar. Likevel utgjorde det berre 450 tonn kjøt fordi middelvekta i 2021 var på rekordhøge 91,6 kilo. Det er tre kilo høgare enn noko notering tidlegare.

I 2021 BLEI DET SLAKTA 1 027 000 lam, som var 21 000 færre lam enn året før. Middel slaktevekt var 18,65 kilo, og produksjonen blei redusert med 450 tonn samanlikna med 2021.

Om me i staden samanliknar med gjennomsnittleg produksjon frå 2016 til og med 2020 var reduksjonen på vel 900 tonn.

Neste artikkel

Godt i gang med DVP for storfe