Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine går ikkje lenger god for vaskemiddel

Denne logoen skal ikkje lenger brukast for å selje vaskemiddel til mjølkeutstyr.

SLUTT: Denne logoen blir det snart slutt på. Illustrasjon: Tine
SLUTT: Denne logoen blir det snart slutt på. Illustrasjon: Tine

I mange år har Tine administrert ei ordning der seljarar av vaskemiddel til mjølkeutstyr kan bruke Tine sin logo i marknadsføringa, dersom dei består ein felttest i Tine sin regi. Nå har desse bedriftene fått melding om at dei må slutte å bruke logoen i løpet av dette halvåret.

Annonse

Årsaka er at Tine opplever at situasjonen i denne marknaden er uoversiktleg, og at dei ulike marknadsførarane byter namn og produsent av middelet. Nokre brukar logoen og andre ikkje.

– Dette, i tillegg til at me manglar tilstrekkeleg kapasitet til å gjennomføre felttestar, gjer at Tine ikkje lenger ønskjer at logoen blir brukt, seier servicesjef i Tine Sør, Svein Helge Einarsen, til Tine sine medlemssider.

Neste artikkel

Formidabel økning i melkekonsum