Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tørke etter regnår ga økonomisk nedtur

Inntekta til bøndene på Haugalandet gjekk ned med 26 900 kroner i fjor.

Andreas Lundegård er autorisert regnskapsfører/rådgiver landbruk hos Tveit Regnskap.

Først regna sommaren 2017 vekk og ga fôrkrise. Så tørka avlinga ut sommaren etter. Det har svidd i lommeboka til bøndene på Haugalandet.

Ein gjennomsnittleg nedgang på 26 900 kroner i skattbar næringsinntekt etter avskriving. Det er dei harde nakne tala i inntektsutviklinga for bønder på Haugalandet.

Det er Tveit Regnskap som står bak analysen, som baserer seg på 207 av 1 700 bruk i porteføljen i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Desse bruka har blitt følgt i ein periode på 30 år.

At ein regnsommar etterfølgt av ein tørkesommar har gått ut over inntekta til bønder med grovfôretande dyr er ikkje overraskande. For svineprodusentar er det overproduksjon som slår negativt ut på det økonomiske resultatet.

DOBBEL KOSTNAD PÅ FÔR

For bønder på Haugalandet er det mjølkeproduksjon som er bærebjelken i landbruket. To vanskelege grovfôrår etterkvarandre ga ekstra høge fôrkostnader.

To vanskelege grovfôrår på rad ga ein økonomisk smell i 2018. Arkivfoto: Annlaug Fludal

– Kostnadsmessig ga det dobbel effekt i 2018. Mange bønder venta med å kjøpe grovfôr til vinteren/våren 2018, og for å unngå å hamne i den same knipa neste vår kjøpte dei ekstra fôr hausten 2018. Dette slo ut i auka kostnad både på innkjøpt grovfôr og kraftfôr. Denne trenden ser ein att på alle dei grovfôretande dyreslaga. I snitt enda dekningbidraget per mjølkeku på 27 600 kroner, som er ein nedgang på 3 600 kroner frå 2017, skriv Andreas Lundegård i analysen til Tveit Regnskap.

GJENNOMSNITTSBONDE

Den gjennomsnittlege mjølkebonden på Haugalandet liknar mykje på den gjennomsnittlege mjølkebonden i Norge: 26,5 årskyr og mjølkekvote på 191 tonn.

Interessa for å auke mjølkeproduksjonen er framleis stor, noko som har resultert i prisen for å kjøpe mjølkekvote er 16-17 kroner literen, mens leigeprisen gjerne ligg på 1,6 kroner literen.

Ammekuproduksjonen har nådd eit metningspunkt. Arkivfoto

NEDTUR FOR KJØTFE

Annonse

Dekningsbidraget per ammeku gjekk ned med 2 100 kroner, og enda på 6 900 kroner. Tala er litt betre for fôringsoksar, men framleis negative. Også her var dekningsbidraget på 6 900 kroner per dyr, som var 750 kroner dårlegare enn året før.

10 PROSENT NED FOR SLAKTEGRIS

For svinebøndene gjekk dekningsbidraget per slaktegris ned med 10 prosent, frå 310 til 279 kroner. På Haugalandet leverer ein gjennomsnittleg slaktegrisprodusent om lag 900 slaktegrisar i året, som isolert sett bidrog til ein nedgang i dekningsbidraget på 28 000 kroner.

Marknadssituasjonen er framleis utfordrande både i smågris- og slaktegrisproduksjonen. Arkivfoto

For dei som berre produserer smågris var dekingsbidraget per purke 10 800 kroner, som var 1 000 kroner lågare enn i 2017.

BETRING FOR LAMMEKJØT

For sauebøndene, som har slite med etterverknader av overetablering og overproduksjon, var 2018 lysare. Ein god betiesesong, både på fjellet og på heimebeite, ga gode haustvekter på lamma, og det viste også igjen på innteninga. Dekningsbidraget per sau enda på 623 kroner. Det var 117 kroner meir enn året før.

Et godt beiteår ga gode haustvekter på lamma. Arkivfoto

MINDRE MJØLKEBRUK INVESTERER

Etter nokre år med investering i sau og ammeku har desse nisjene nådd eit metningspunkt. Nå er investeringane vridd meir over på mjølkeproduksjon igjen, og gjerne på bruk med 15-30 kyr. I gjennomsnitt blei det bygd for 174 000 kroner per bruk, som var 25 000 kroner meir enn året før.

Regn og tørke har truleg stressa investeringslysta i maskinar noko. Det blei investert 152 000 kroner i maskinar per bruk i 2018, som var om lag det same som året før, men mindre enn i toppåret 2014.

Analysen til Andreas Lundegård og Tveit Regnskap viser at den skattbare inntekta til bønder på Haugalandet gjekk ned med nesten 27 000 kroner i 2018 samanlikna med 2017. Arkivfoto

Investeringsiveren har blitt finansiert med opptak av ny gjeld. I snitt auka lånebyrda med 186 000 kroner, og gjeldsbelasninga er nå 3,2 millioner kroner per bruk.

– Eigenkapitalen er framleis relativt høg på snitt blant bøndene, men for dei som nett har investert kan det bli noko meir balansekunst i åra framover, når marknaden er spådd noko meir usikker og rentebana til Norges Bank peikar oppover, skriv Andreas Lundegård.

Neste artikkel

Inntekta til haugalandsbonden auka med 5 700 kroner