Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trakka på brystet då han klipte kyr

Torleif Susort var sjukemeld i tre månader etter at ei ku trakka han på brystet.

INGEN MÊN: Torleif Susort kom frå uhellet i 2018 uten varige mén. Foto: Dag Idar Jøsang
INGEN MÊN: Torleif Susort kom frå uhellet i 2018 uten varige mén. Foto: Dag Idar Jøsang

Korleis han hamna på ryggen mellom to kyr mens han dreiv med klipping, veit ikkje Torleis Susort. Kyrne stod fast i fanghekken med fersk grovfôr på fôrbrettet. Mens han låg på spaltegolvet blei han trakka på brystet av dei eine kua.

– Det gjorde heilt forferdeleg vondt, seier Susort og nærast krympar i stolen berre ved tanken.

I den første legerapporten stod det at ammekubonden hadde blitt sparka av ein illsint okse under klipping. Det var ikkje tilfelle. Det som skjedde var at han etter fallet kom borti bakfoten til kua som stod ved fôrbrettet og åt. Heilt naturleg letta ho på foten og då ho merka at ho planta klauvene i brystet på bonden letta ho på foten igjen og heldt fram med å ete.

Dei nesten uuthaldelege smertene i brystet skulle vise seg å skuldast brudd i fem ribbein. Tre brudd i kvart av dei, og til saman femten brudd. I tillegg viste det seg at den eine lunga var punktert og det blødde frå milten. Det siste var eigentleg det mest alvorlege. Men sjølv i sterke smerter var han klartenkt nok til å kaste frå seg klippemaskinen og heise seg opp på beina.

– Eg tenkte at dersom det skulle komme folk inn i fjøsen ville dei ikkje finne meg om eg gjekk bakover i garden og besvimte der. Derfor mobiliserte eg i staden det eg hadde av krefter og klatra over den nesten to meter høge innredninga. Det gjorde så vondt at eg skreik, fortel han.

AMMEKUFJØS: I fjøsen som blei opna i desember 2016 er det liggebås til 112 mordyr. Arkivfoto: Dag Idar Jøsang
AMMEKUFJØS: I fjøsen som blei opna i desember 2016 er det liggebås til 112 mordyr. Arkivfoto: Dag Idar Jøsang

Datoen var den 24. oktober 2018. Klokka var kvart på fem om ettermiddagen og Torleif Susort ville gjerne klippe så mange kyr som mulig før han skulle på eit Tyr-møte på Aksdal.

Alle dei 112 mordyra stod fast i fanghekken. Ammekubonden var komme halvvegs i den andre bingen då uhellet skjedde.

Like før hadde kona, Siv, vore innom fjøset. Ho skulle inn å lage middag, slik at Torleif fekk gjort unna mest mulig av klippinga før møtet. Rett før ho gjekk fekk ho telefonen hans.

– Ho fekk telefonen min for å ta nokre bilder av klippinga, og fordi eg ikkje ville ha telefonen på brystlommen mens eg klipte. Heldigvis, for elles ville den vore knust, slik at eg ikkje kunne ringt etter hjelp.

Men sjølv om han hadde komme seg over på fôrbrettet måtte han få tak i telefonen for å kunne ringe etter hjelp. Den hadde han bedt kona om å legge i setet på minilastaren som stod i fôrrommet. Igjen måtte han mobilisere krefter, trasse brystsmertene og komme seg dei 50 metrane dit.

Annonse

Etter at Siv fekk ringt 113 skjedde ting fort. Førstemann på staden var brannsjefen i ein utrykningsbil, så kom det folk i brannbil, to ambulansar, politibil og luftambulansen frå Stavanger. Ein time etter uhellet låg Torleif på båre i luftambulansen og ytterlegare eit kvarter seinare var han på operasjonsbordet på Stavanger Universitetssjukehus.

– Det gjekk ein time og eit kvarter frå ulykka til eg låg på operasjonsbordet.

Etter ei veke i Stavanger fekk Torleif Susort flytte til sjukehuset i Haugesund for å komme nærare familien. Ei veke etter det igjen fekk han reise heim til Susort i Tysvær.

SMERTEFULLT: Det gjorde heilt forferdeleg vondt, fortel Torleif Susort. Arkivfoto: Dag Idar Jøsang
SMERTEFULLT: Det gjorde heilt forferdeleg vondt, fortel Torleif Susort. Arkivfoto: Dag Idar Jøsang

I mellomtida hadde sønnene ordna seg fri frå sine jobbar for å ta seg av garden.

– Gutane tok fjøsstellet kvar si veke, heilt til Wojciech kunne komme tilbake frå Polen. Då han guten som jobbar hos TS i Stavanger spurde om å få fri fekk han beskjed om at han berre måtte reise med ein gong. Dei delte også på dagane før jul , etter at avløysaren var reist på juleferie i midten av desember, fortel han.

Både politiet og Arbeidstilsynet har vurdert uhellet og konkludert med at ammekubonden ikkje var å laste for uhellet.

– Politiet spurte først ein av brannmennene om dyra hadde det bra. Då fekk dei til svar at viss det var ein stad dyra hadde det bra så var det her. I politirapporten eg fekk stod det også at eg ikkje hadde utført arbeidet på feil måte. Samstundes stod det at eg kunne klage på avgjerda, seier han og ler.

Arbeidstilsynet fekk si omvisning og forklaring like før jul.

– Eg forklarte og viste inspektøren korleis eg gjorde når eg klipte og korleis eg elles handterer og flyttar dyr i fjøsen. Derifrå fekk eg ein skryterapport, fortel Torleif.

60-åringen har ikkje tatt skrekken av hendinga og fekk ingen varige mén. Mindre enn to månader etter uhellet var han inne i bingen hos dyra igjen, og i fjor haust klipte han dyra på same måten som året før.

– Men eg klipper ikkje like nøye lenger. Det blir med halen og litt nedover langs sidene. Året etter uhellet la eg ut ei melding på facebook om at dyra var klipte - utan sjukehusopphald denne gongen, ler han.

Neste artikkel

Nestor fiksar biffen