Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Første TKS FeedRobot til Japan

Håpar å selje fem i året.

Eksport: Takakazu Uemura har allereie seld den første K2 FeedRobot i Japan. Her saman med Mons Tore Ueland, som er sjef for sal og service i TKS Agri på EuroTier i Hannover.

Etter jordskjelvet, tsunamien og atomkraftragnarokket som ramma Japan i 2011 har det oppstått ei krise i landbruk. For å få opp produksjonen og betre rekrutteringa kan bønder som investerer i maskinar få opptil 50 prosent investeringsstøtte.

På nyåret blir det første automatiske fôringsanlegget frå TKS Agri tatt i bruk i Japan. Bonden som har kjøpt ein K2 FeedRobot fra skal bruke den til å fôre 96 mjølkekyr i eit båsfjøs med røyrmjølking. Med dei statlege subsidiane har han fått fôringsroboten til halv pris. Den japanske importøren, Ag-Supply, har som mål å selje fem fôringsrobotar i året.

– Me er ferd med å etablere eit forhandlarnett i Japan, og kor mange fôringsrobotar og klarar å selje er avhengig av subsidiane frå regjeringa, men håpar å kunne selje fem i året. Dette er ei fôringslinje som passar best for dei som har ein robot eller rundt 100 dyr som skal fôrast, seier Takakazu Uemura hos importøren Ag-Supply.

Annonse

Uemura kom først i kontakt med Tønnes Helge Kverneland og TKS Agri på EuroTier for seks år sidan. I år møttes dei igjen på den same utstillinga, men på ein stand med langt større søkelys på automatisk fôring enn den gongen.

Neste artikkel

Mener melkebruk står for hopp i angus-semin