På ei høgde ved Osterfjorden i Hordaland ligg det som var eit tungdrive gardsbruk.
- Det var ein dødsdømd vestlandsgard, seier Geir Styve til Bergens Tidende.
I dag er det besøksgard og hestesenter. Humørbonde i oppmuntringstilsynet
Han kallar seg også fiskarbonde slik strilar har vore i generasjonar, men med ein vri: "Fiskar" er bytta med "Humør".
Oppmuntringstilsynet er hans ide i kampen mot mismot i Bygde-Norge. Han held foredrag rundt i heile landet for å setja kveik i folk og få dei til å drepa bygdedyret. Alvorlege saker, men våpenet er humor.
Nyleg var Styve gjest i Radio Exact i Ringsaker der han fortalde korleis han tener penger på å få bergensere til å kaste hestemøkk på kvarandre med kanon. Høyr innslaget
Onsdag var han på Stortinget for å spre det glade bodskap til dei som hadde tid til å høyre på. Catch and release
Heima på garden går villsauene på sjølvstyr.
- Væren går med dei heile året. Lam kjem når dei kjem, seier han.
Besøkande på garden kan få fanga dei, men sauene vert sett fri igjen med ei gong.
- Sokalla "catch and release", seier humørbonden med eit stort smil.