Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

9 prosent meir kumjølk

I september blei det levert 9 millionar liter meir mjølk enn i september i fjor.

MJØLK: Norske mjølkekyr har produsert så godt i sommar og haust at me snart har tatt igjen det tapte frå dei første månadane i år.
MJØLK: Norske mjølkekyr har produsert så godt i sommar og haust at me snart har tatt igjen det tapte frå dei første månadane i år.

Det utgjorde ei auke på 8,9 prosent. I alt blei det levert 112 millioner liter kumjølk. Det viser nye tal frå Tine.

Feittinnhaldet er også høgare enn i same periode i 2019. Det var 4,39 prosent, mens tilsvarande tal i fjor var 4,31 prosent. Innhaldet av protein auka frå 3,50 til 3,55 prosent.

Ved starten av året var ordren til norske mjølkeprodusentar å produsere mindre mjølk, men då koronapandemien slo inn blei bestillinga endra. Det var behov for meir mjølk.

Annonse

Både i sommar og tidleg på hausten har norske mjølkekyr levert betydeleg meir mjølk samanlikna med forrige år. Det gjer at marknadsregulator Tine kan melde om at me er i ferd med å ta igjen volumet frå i fjor. Ved utgangen av september låg me eitt prosentpoeng bak.

Også leveransen av geitemjølk går opp. I september blei det levert 1,64 millionar liter geitemjølk, som var nesten 10 prosent over leveransane i same månad i fjor. Innhaldet av tørrstoff auka frå 12,17 til 12,30 prosent.

Neste artikkel

Importen av ost øker kraftig