Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aida blei dyraste kvige

Budvinnaren på Geno sin nettauksjon måtte ut med 42 000 kroner for elitekviga.

AUKSJON: Heile 15 gonger auka prisen på 80121 Aida under Geno sin nettauksjon. Foto: Skjermdump
AUKSJON: Heile 15 gonger auka prisen på 80121 Aida under Geno sin nettauksjon. Foto: Skjermdump

Då den digitale auksjonariusen klubba det siste budet under Geno sin auksjon på NRF-elitekviger på mandag.

Gjennomsnittsprisen blei snautt 34 000 kroner per kvige, og aller lengst måtte budgivaren som la inn eit bud på 42 000 kroner for 80121 Aida strekke seg.

Aida er ei horna med 36 i avlsverdi. Oppdrettar er Janne Daltveit Tveit frå Valestrandsfossen. Ho er inseminert med sæd frå den homozygotkolla oksen 12062 Brumunddal PP og er venta å få ein kolla kalv til hausten.

Dette blei kvigene selde for:

80121 Aida – 42 000 kr

80086 Annemor – 41 000 kr

80116 Ailin – 39 000 kr

80127 Arya – 36 500 kr

80132 Adelheid – 35 000 kr

80107 Almine – 29 000 kr

80123 Aimee – 29 000 kr

80076 Alex – 27 000 kr

80122 Aila – 27 000 kr

Kjelde: Geno

Annonse

Startprisen for Aida var sett til 25 000 kroner, og det blei lagt inn 14 bud før kjøparen fekk tilslaget på 42 000 kroner. Det kom inn åtte bud på Aida dei fem siste minutta av auksjonen.

Elitekviga Annemor, med 40 i samla avlsverdi, gjekk for 41 000 kroner, og blei med det den nest dyraste kviga på auksjonen.

Geno opplyser at om lag 70 personar hadde registrert brukar under auksjonen, og meiner at auksjonsløysinga fungerte så godt at dei truleg kjem til å kjøre auksjon på nettet igjen i framtida.

Neste artikkel

Går i bresjen for høyere norskandel