Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aukar betalinga for sommarmjølk neste år

Betalar meir for mjølka om sommaren og mindre om vinteren.

Tine legg på prisen for mjølk levert i juli, august og september med 25 øre literen

Tine ønskjer seg meir kumjølk på sommar og tidleg haust, og legg på prisen med 15 øre literen i juli, og 10 øre literen i månadane juni, august, september og oktober.

Dei nye prisane vil gjelde frå kommande årsskifte. Det har konsernstyret i Tine bestemt.

Basisprisen vil nå kun gjelde i november, og frå desember til mai vil prisen til bonden ligge mellom 10 og 20 øre under basisprisen.

Årsaka er at Tine ønskjer å jamne ut mjølkeinngangen gjennom året. Den sesongmessige variasjonen påfører meieria ekstra kostnader og kapasitetsutfordringar, og dei har auka dei seinare åra.

Som marknadsregulator blir Tine kompensert for reguleringskapasitet, transport og lagring, men kompensasjonen dekkjer ikkje fullt ut dei reelle kostnadane, skriv Tine i ei pressemelding.

Annonse

Kompensasjonen blir finansiert med omsetningsavgift, slik at kostnadene med skeiv mjølkekurve blir påført mjølkeprodusentane gjennom omsetningsavgifta og ekstra kostander i industrileddet.

Kilde: Tine Råvare

Konsernstyret har vedtatt at det ikkje skal gjerast endringar i dei regionale tilpassingane.

Basisprisen blei endra fleire gonger i 2018 og 2019. Dels på grunn av endring i feittbetalinga, auke av målpris i jordbruksoppgjeret og avvikande tørrstoffinnhald i mjølk mot prognosa. Ved årsskiftet blei det innført ein styringspris på mjølk som påverka basisprisen, som nå er på 4,39 kroner literen.

Fordi det er knytt noko usikerheit til både inntekter og driftskostnader i Tine Råvari i 2019 har konsernstyret vedtatt at basisprisen blir uendra frå 1. juli i år.

Målprisen blir derfor tatt ut gjennom ei auke i betalinga for tørrstoff.

Neste artikkel

Osteprodusenter får drahjelp fra Tine