Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bark mot parasittar

Kondenserte tannin (CT) i dietten kan redusere problema med innvolsorm og eincella parasittar i mage og tarm hos drøvtyggjarar.

TESTING: Prosjektet BarkCure har forsøkt å finne ut av om ein kan nytte tannin for å få bukt med parasittar hos sau og lam. Foto: Norsøk
TESTING: Prosjektet BarkCure har forsøkt å finne ut av om ein kan nytte tannin for å få bukt med parasittar hos sau og lam. Foto: Norsøk

Parasittar i mage og tarm hos småfe er eit kjent problem, både økonomisk for bonden så vel som for dyra, der parasittar kan føre til redusert helse og velferd. Vidare er det eit aukande problem at parasittane utviklar resistens mot preparat som blir brukte til å behandle dyra.

– Det er vist at moderate mengder kondenserte tannin (CT) i dietten kan redusere problema med innvolsorm og eincella parasittar i mage og tarm hos drøvtyggjarar. Fôrplanter som inneheld tannin, er ikkje godt tilpassa norske dyrkingsforhold, men bark frå bartre kan ha høgt innhald av CT, og Noreg har ein sterk skogindustri. Bark frå denne industrien er ei mogleg kjelde for utvinning av tannin, skriv Norsøk, som har vore prosjektleiar for prosjektet BarkCure.

MÅLET MED BARKCURE har blant anna vore å kartleggje innhaldet av CT i bark frå gran og furu, karakterisere den kjemiske samansetjinga, evaluere metodane for avbarking og effekten det har på barken.

– Me har òg forsøkt å utvikle ein oppskalert, miljøvennleg prosess for ekstrahering av CT frå bark, og produsere mengdene som trengst som fôrtilskot. Så har me prøvd oss på å verifisere antiparasittær effektivitet hos dyr, fortel dei.

Annonse

Resultata visar at ekstrakten frå bark har potensial som middel mot rundorm og eincella parasittar hos drøvtyggjarar.

– Ekstrakten har ulik antiparasittær effekt, avhengig av kva for ein art barken er henta frå og kva for løysemiddel som er blitt brukt i ekstraheringa. Den antiparasittære effekten av ekstrakten varierer mellom ulike parasittar, skriv Norsøk.

START: Ekstrakten frå bark har ulik antiparasittær effekt, og meir forsking trengst for å finne praktiske måtar å nytte dette i næringa. Foto: Norsøk
START: Ekstrakten frå bark har ulik antiparasittær effekt, og meir forsking trengst for å finne praktiske måtar å nytte dette i næringa. Foto: Norsøk

DET TRENGST MEIR KUNNSKAP om kva stoff i barken som faktisk verkar.

– Berekningar basert på eksperimentelle data for CT-innhald og konsentrasjonar som krevst for å oppnå effektar, viser at ei større treforedlingsbedrift, produserer nok bark til å dekkje behovet for behandling av alle norske lam, og at kostnadene vil kunne vere akseptable. For at dette skal kunne utnyttast i praktisk landbruk, må ekstraherte verkestoff kunne tilførast dyra på ein enkel måte, til rett tid og i rett dosering. Til dette trengst meir forsking. Både næringa og industripartnarane ønskjer å følgje opp arbeidet, og moglegheiter for vidare finansiering blir undersøkte, avsluttar dei.

Prosjektpartnarar

Norsk senter for økologisk landbruk (Norsøk) har hatt ansvaret for prosjektet. Norsk Treteknisk Institutt (Treteknisk) har stått for innsamling og karakterisering av barkmateriale og SINTEF har gjennomført ekstrahering og produksjon av ekstrakt, samt kjemisk analyse. Veterinærinstituttet har hatt ansvar for laboratorietesting av ekstrakten mot dei eincella parasittane. Scotland’s Rural College i Edinburgh har hatt ansvar for laboratorietesting mot nematodar.

Neste artikkel

Yngre og tyngre lam