Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bark mot parasittar

Kondenserte tannin (CT) i dietten kan redusere problema med innvolsorm og eincella parasittar i mage og tarm hos drøvtyggjarar.

SKOGEN TIL HJELP: Tannin fra bark kan redusere problema med innvollsorm og parasittar hos drøvtyggjarae. Foto: Kari M. Frøyland.
SKOGEN TIL HJELP: Tannin fra bark kan redusere problema med innvollsorm og parasittar hos drøvtyggjarae. Foto: Kari M. Frøyland.

Parasittar i mage og tarm hos småfe er eit kjend problem, både økonomisk for bonden så vel som for dyra, der parasittar kan føre til redusert helse og velferd. Vidare er det eit aukande problem at parasittane utviklar resistens mot preparat som blir brukt til å behandle dyra.

- Det er vist at moderate mengder kondenserte tannin (CT) i dietten kan redusere problema med innvolsorm og eincella parasittar i mage og tarm hos drøvtyggjarar. Fôrplanter som inneheld tannin er ikkje godt tilpassa norske dyrkingsforhold, men bark frå bartre kan ha høgt innhald av CT, og Noreg har ein sterk skogindustri. Bark frå denne industrien er ei mogleg kjelde for utvinning av tannin, skriv Norsøk som har vore prosjektleiar for prosjektet BarkCure.

TESTING: Prosjektet BarkCure har forsøkt å finne ut av om ein kan nytta tannin for å få bukt med parasittar hos sau og lam. Foto: Norsøk.
TESTING: Prosjektet BarkCure har forsøkt å finne ut av om ein kan nytta tannin for å få bukt med parasittar hos sau og lam. Foto: Norsøk.

Målet med BarkCure har blant anna vore å kartlegge innhaldet av CT i bark frå gran og furu, karakterisere den kjemiske samansetjinga, evaluere metodane for avbarking og effekten det har på barken.

- Me har og forsøkt å utvikle ein oppskalert, miljøvennleg prosess for ekstrahering av CT frå bark, og produsere mengdene som trengs som fôrtilskot. Så har me prøvd oss på å verifisere antiparasittær effektivitet hos dyr, fortel dei.

Annonse

Resultata visar at ekstrakt frå bark har potensiale som middel mot rundorm og eincella parasittar hos drøvtyggarar.

- Ekstrakta har ulik antiparasittær effekt avhengig av kva for ein art barken er henta frå og kva for løysemiddel som er blitt brukt i ekstraheringa. Den antiparasittære effekten av ekstrakta varierer mellom ulike parasittar, skriv Norsøk.

START: Ekstrakta frå bark har ulik antiparasittær effekt, og meir forskning trengs for å finne praktiske måtar å nytte dette i næringa. Foto: Norsøk.
START: Ekstrakta frå bark har ulik antiparasittær effekt, og meir forskning trengs for å finne praktiske måtar å nytte dette i næringa. Foto: Norsøk.

Det trengst meir kunnskap om kva stoff i barken som faktisk verkar.

- Beregningar basert på eksperimentelle data for CT-innhald og konsentrasjonar som krevst for å oppnå effektar, viser at ei større treforedlingsbedrift produserer nok bark til å dekkje behovet for behandling av alle norske lam, og at kostnadene vil kunne vere akseptable. For at dette skal kunne utnyttast i praktisk landbruk, må ekstraherte verkestoff kunne tilførast dyra på ein enkel måte, til rett tid og i rett dosering. Til dette trengst meir forsking. Både næringa og industripartnarane ønskjer å følgje opp arbeidet, og mulegheiter for vidare finansiering blir undersøkt , avsluttar dei.

Neste artikkel

Yngre og tyngre lam