Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bonde tar Bane Nor si gjerdeplikt til retten

Hastesak for retten etter at tog kjørte ihjel ei ku og fire kviger.

Lars Madland møter Bane Nor i retten på mandag for å få avklart kven som har plikt til å vedlikehalde gjerdene langs jernbanelinja. Foto: Sjur Håland, Bondevennen.

I september kjørte toget på Jærbanen ihjel ei ku som hadde forvilla seg inn på jernbanelinja på Varhaug. Den hadde komme seg gjennom eit gammalt og dårleg vedlikehaldt gjerde.

Mjølkebonden, Lars Madland, fekk avslag på kravet om erstatning og betre gjerder.

Nå tar han Bane Nor til retten for å få avklart gjerdeplikta.

Stavanger Aftenblad skriv at saka skal opp som hastesak i retten på mandag, der domstolen skal ta stilling til ei midlertidig forføyning.

Annonse

Det skjer berre dagar etter at toget kjørte ihjel fire kviger på Brusand og eit anna tog måtte kjøre sakte mellom Vigrestad og Varhaug fordi det var sett dyr på linja.

Bane Nor meiner at dei berre har vore runde i kantane når dei har utført vedlikehald på gjerder langs jernbanelinjer. Foto: Sjur Håland, Bondevennen

At Bane Nor har vedlikehalde gjerdet sidan det blei sett opp i 1943, meiner Atle Havnerås, som er banesjef for Sørlandsbanen vest, skuldast at dei har vore litt runde i kantane.

«Ja, det er rett. Vi har nok vært litt runde i kantene. Men Bane Nor er blitt mer spisset og må bruke pengene etter behov og oppgaver. Det å gjerde for dyrehold, er ikke en slik oppgave», seier han til Stavanger Aftenblad.

Tidlegare i vår blei det danna eit grunneigarlag med 70 medlemmer som vil kjøre ei felles sak mot Bane Nor dersom ikkje Lars Madland når fram med kravet sitt i retten.

Neste artikkel

Demonstrerer gjerding på Agroteknikk