Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Denne biffen skal til VM

Ei ni år gammel tørrmodna angus/hereford-ku frå Jæren kjempar om å bli verdens beste biff.

BIFF: Korleis denne tørrmodna biffen fell i smak hos dommarane i World Steak Challenge får me vite den 10. november. Foto: Anders Hellegaard, Prima Jæren
BIFF: Korleis denne tørrmodna biffen fell i smak hos dommarane i World Steak Challenge får me vite den 10. november. Foto: Anders Hellegaard, Prima Jæren

Då Prima Jæren bestemte seg for å satse på angus sette dei seg mål om å produsere den beste biffen i verda. Nå ventar dei på dommen frå dommarane i World Steak Challenge, som med litt velvilje kan oversettast til verdensmeisterskapen i biff.

Då Norsk Landbruk var på besøk hos Prima Jæren den siste veka i oktober var Anders Hellegaard klar for å vakuumpakke kjøtstykkene som skal representere Norge og Prima Jæren på World Steak Challenge i Dublin.

Anders HellegaardSjef for marked og innovasjon i Prima JærenWorld Steak Challenge, WSC
Anders HellegaardSjef for marked og innovasjon i Prima JærenWorld Steak Challenge, WSC

– Målet vårt er å vise at me kan produsere den beste biffen i verda på norske ressurser. Då må me måle oss mot dei beste for å vite kvar lista ligg, seier Hellegaard, som er sjef for marknad og innovasjon i Prima Jæren.

OM BIFFANE NÅR OPP i konkurranse med kjøt frå Europa, Australia, New Zealand, Sør- og Nord-Amerika får me vite den 10. november. Første gong Prima Jæren var med, for to år sidan, blei det ein sølvmedalje og ein bronsemedalje.

Annonse

– At me fekk ein sølv- og ein bronsemedalje tok me som eit teikn på at me har noko der å gjere.

MEDALJEKANDIDAT: Med kirurgisk presisjon skjer Bjørn Tore Eik ut kjøtstykkene som skal sloss om prisar under World Steak Challenge i Dublin. Foto: Anders Hellegaard/Prima Jæren
MEDALJEKANDIDAT: Med kirurgisk presisjon skjer Bjørn Tore Eik ut kjøtstykkene som skal sloss om prisar under World Steak Challenge i Dublin. Foto: Anders Hellegaard/Prima Jæren

ÅRETS EDLE KJØTSTYKKE er plukka ut etter at nokre utvalde lovande dyr blei skanna med ultralyd, og då dyra var slakta blei marmoreringa i kjøtet vurdert. Det mest lovande kjøtet var frå ei ku som var krysning mellom angus og hereford. Kua blei fødd hos Magnus Overøye på Figgjo i 2012, fôra opp i fjøsen på Angusgarden i Egersund, og gjekk så på beite på garden til Åna kretsfengsel.

Etter slakting blei skrotten frakta til Oslo for tørrmodning i ein Meny-butikk, og så frakta tilbake til Prima Jæren sitt anlegg i Kviamarka på Nærbø for nedskjering.

TØRRMODNING: Dei edle kjøtstykkene har blitt modna hos ein Meny-butikk i Oslo, men nå byggjer Prima Jæren sitt eige Dry Age-anlegg i Egersund. Foto: Anders Hellegaard
TØRRMODNING: Dei edle kjøtstykkene har blitt modna hos ein Meny-butikk i Oslo, men nå byggjer Prima Jæren sitt eige Dry Age-anlegg i Egersund. Foto: Anders Hellegaard

– Kjøtet blei modna på bein, med fettkappe og alt. Det er modna i 40 dagar, som eigentleg er litt lite. Nå skal me skrelle av skalet og ta ut juvelen. Den blir vakuumpakka og frakta til Dublin, fortalde Anders Hellevang få dagar før avreise.

I KONKURRANSEN FOR vacuummodna kjøt deltar Prima Jæren med kjøt frå ei angusku fødd hos Tore Kalberg på Kvernaland hausten 2018.

Kor godt dommarane har likt kjøtet frå Jæren får me altså vite den 10. november.

PAKKA: Tørrmodna og vacuummodna biff er vacuumpakka og klart for flyfrakt til WSC i Dublin. Foto: Anders Hellegaard, Prima Jæren
PAKKA: Tørrmodna og vacuummodna biff er vacuumpakka og klart for flyfrakt til WSC i Dublin. Foto: Anders Hellegaard, Prima Jæren

Neste artikkel

Debioprisen til de Haes gartneri