Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire vil produsere sommarmjølk

I ei undersøking Tine har gjort svarar fire av ti mjølkeprodusentar at dei vil auke produksjonen av mjølk om sommaren i løpet av dei tre neste åra.

PAUSE: I båsfjøs blir det mjølka mindre mjølk når prisane er på sitt høgaste, men på litt sikt ønskjer fleire å produsere meir sommarmjølk. Illustrasjonsfoto: Line Omland Eilevstjønn
PAUSE: I båsfjøs blir det mjølka mindre mjølk når prisane er på sitt høgaste, men på litt sikt ønskjer fleire å produsere meir sommarmjølk. Illustrasjonsfoto: Line Omland Eilevstjønn

Etter eit år der utfordringa i mjølkeproduksjon har vore å dekke auka etterspurnad etter mjølk under pandemien er det likevel mange som ikkje er klare for å levere meir sommarmjølk allereie i år. 17 prosent av dei om lag 1 250 mjølkeprodusentane som har svart i undersøkinga til Tine oppgitt at dei har planlagt opphald i mjølkeleveransane i sommar. Det er om lag like mange som i fjor.

MED EI HEILT JAMN fordeling av produksjonen gjennom året ville ein produsert 25 prosent av mjølka i kvart kvartal, men i Vestland fylke blir berre 17 prosent av mjølka produsert i tredje kvartal. Målet til Tine er å komme opp i 20 prosent i løpet av nokre få år.

Utviklinga peikar også i denne retninga, for jo større del av produksjonen som skjer med mjølkerobot jo meir sommarmjølk blir det produsert. I båsfjøs blir 13-14 prosent av mjølka produsert i tredje kvartal, mens robotbruk allereie ligg på over 20 prosent.

FOR Å LEGGJE TIL RETTE for å produsere meir mjølk når prisane er høgast tilrår Tine at kalvar som er fødde på våren, men ikkje blir sett på, bør seljast som livdyr. Dei tilrår også at bøndene flyttar fleire kalvingar til første halvdel av året, som også vil vere med å auke tilførselen av kjøt og samla sett bidra til betre økonomi for bonden.

Annonse

Å vente med å utrangere dyr til etter at mjølkeprisen går ned, og fôre med det beste grovfôret når prisen er på topp er to andre måtar å auke inntekta på.

KYR SOM KALVAR I MÅNADANE frå mars til mai vil ha ei laktasjonskurve som er på topp når mjølkeprisen er som høgast, mens kyr som kalvar i september og oktober har minst mjølk.

For å optimalisere mjølkeproduksjonen med tanke på å produsere mest mulig mjølk i tidsrommet juni til september må ein større del av kvigene og kyren kalve i første halvår. Dette kan ein oppnå ved å skifte ut dyr og framskunde eller forseinke insemineringa. Då skal ein vere klar over at dette grip inn i dyreflyten, kjøtleveringa og kvotefyllinga i overgangsåra.

Neste artikkel

Intervjuet: Jerseysjefen på Finnskogen