Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fryktar ikkje overproduksjon

Vil ta ti år å få balanse på storfekjøtmarknaden.

Otimist: Torleif Susort trur på mange gode år som ammekuprodusent framover og fryktar ikkje at det skal bli overproduksjon av storfekjøt dei første ti åra.

– Det vil ta ti år med auke i ammekuproduksjonen før me Norge er sjølvforsynte med storfekjøt. Det seier Torleif Susort, som er nyleg avgått leiar av Tyr i Rogaland.

Tala han viser til kjem frå Nortura. Ein stadig auka avdrått i mjølkeproduksjon gir oss færre og færre kyr, og dermed færre kalvar. Berre for å dekke opp for at kjøtproduksjonen på mjølkebruk går ned, må ammekuprodusentar auke med 4 500 mordyr i året. I tillegg skal mjølkeproduksjonen ned som følgje av kutt i produksjonen av Jarlsbergost.

Les også: «Alle» vil satse på ammeku

– I fjor auka ammekuproduksjonen med 6 000 mordyr. Me har langt igjen for å ta igjen underdekninga på rundt 23 000 tonn storfekjøt, og derfor er eg ikkje redd for at det blir satsa for mykje på ammeku på lang tid ennå. Det eg tar forbehold om er at styresmaktene vil presse på for å redusere forbruket av storfekjøt, seier Susort.

Les også: Marthe Bogstad (26) vant Avlingskampen

STOR INTERESSE I ROGALAND

Sist helg var han med å arrangere eit tredagars ammekukurs i Rogaland. Susort fortel at eit stort fleirtal av deltakarane går med planar om å byggje nytt eller utvide produksjonen. Det var også eit titals deltakarar som vurderer å starte med ammeku når dei overtar garden om eit år eller to.

Kurs: Det er stor interesse for å starte med ammeku i Rogaland. Rundt 90 deltakarar var sist helg på ammekukurs på Sand i Ryfylke. Foto: Andreas Lundegård

I Rogaland strøymer tilskotssøknadene inn til Innovasjon Norge for tida. Interessa er så stor at pengepotten er altfor liten. Mens andre fylke opererer med ei investeringsstøtte på 30 prosent kan ikkje rogalendingar rekne med meir enn 7-8 prosent. Det ser likevel ikkje ut til å knekke investeringslysta.

Les også: Lavere sjukdomsforekomst hos ammeku

– Det er svært kapitalkrevande å satse på storfe. Ein seier gjerne at det går fire veker å få pengane inn på konto i kyllingproduksjon, fire månader i svineproduksjon og fire år i storfeproduksjon.

NESTEN BERRE LIVDYRPRODUKSJON

Annonse

Sjølv har Susort nyleg flytta sin reinrasa limousinflokk inn i eit nytt fjøs med plass til 112 mordyr og 19 oksar. Dei næraste 5-7 åra ser han i stor grad føre seg å produsere livdyr til andre ammekuprodusentar, og i liten grad sende dyr til slakteriet.

Ytring: Ordren er mottatt

– Rogaland er i dag det nest største ammekufylket i landet, men med den interessa me opplever nå ser eg ikkje vekk frå at passerer Oppland i produksjon i løpet av nokre år, seier han.

BYGGJER FOR Å VEKSE

Tidlegare hadde ein typisk ammekuprodusent i Rogaland gjerne 8 til 10 mordyr, mens gjennomsnittstalet nå er oppe i 16-17. Torleif Susort fortel at mange av prosjekta som er under planlegging nå har ressursgrunnlag for å drive med 30-35 mordyr, men at mange har mål om å få tak i meir jord på sikt og planlegg for ei drift med 50 mordyr.

Video: Denne kan redde nattesøvnen i kalvingssesongen

– Tidlegare tenkte ein gjerne at ein hadde ressursar til 12 kyr og bygde til 12 kyr. Slik er det ikkje så mange som tenkjer nå. Den norske bonden vil opp og fram, seier han.

REGELENDRINGAR KAN KUTTE KOSTNADER

I haust var 30 bønder og rådgjevarar i Irland for å hente inspirasjon til nye måtar å byggje på. På kurset blei dei første resultata frå prosjektet presentert for deltakarane. Målet nå er å få løyvande styresmakter til å støtte nokre pionerprosjekt, samt å få Mattilsynet med på å gjere endringar i deler av regelverket.

Les også: Vil byggje rimelegare ammekufjøs

Les også: Selger kjøttet i egen butikk

– Me har ein dialog med Mattilsynet for å få dei til å vurdere fornuftige endringar i regelverket. Det kan for eksempel vere krav til liggjeareal eller dybde på gjødselkjellaren. Den kan kanskje byggjast djupare når ein bryt skorpa ved å tilsette luft lengre oppe, seier Susort.

Neste artikkel

Lyst og luftig i nytt ammekufjøs