Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gode gener under hammaren

Annemor er ei kolla kvige med 40 i samla avlsverdi. Nå kan ho bli di.

AUKSJON: Annemor er til sals til høgstbydande og har ein startpris på 28 000 kroner. Foto: Skjermdump
AUKSJON: Annemor er til sals til høgstbydande og har ein startpris på 28 000 kroner. Foto: Skjermdump

Det blir opna for bud på Geno sin elitekvigeauksjon klokka 12 i dag, onsdag. Auksjon på den ni kvigene blir avslutta på ulike tidspunkt mandag den 25. mai.

80086 Annemor, frå oppdrettar Einar Haugan i Meldal, har heile 40 i samla avlsverdi.

Far er 11819 Onstad, mens morfar er 11147 Enger. Annemor blir skildra som knallsterk på melk og jur, og at ho har god umjølkingshastigheit og eit godt lynne.

Annonse

Den kolla elitekviga er inseminert med ordinær sæd av oksen 12046 Ihlingen. Med kalvingsdato i starten av november har startprisen blitt sett til 28 000 kroner. Det er det høgaste startbudet under den digitale auksjonen.

Dei åtte andre kvigene varierer frå 22 til 37 i samla avlsverdi, og startprisane er enten 22 000 eller 25 000 kroner.

Her kommer du til auksjonen hos Geno.

Neste artikkel

Aida blei dyraste kvige