Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grøn eller rød buskap: Du må sjølv ordne utstyr til prøvetaking

Det er venta 5 vekers svartid frå laboratoriet, så det gjeld å handle raskt om du ikkje allereie har gjort det.

VIRUS: Det er vanlig å gjennomføre prøvetaking for BRSV/BCoV-kontrollprogrammet etter at beitesesongen er over. Foto: Norsk Landbruk
VIRUS: Det er vanlig å gjennomføre prøvetaking for BRSV/BCoV-kontrollprogrammet etter at beitesesongen er over. Foto: Norsk Landbruk

Fordi bedrifta som sende ut prøvetakingsutstyr for BRSV/BCoV-kontrollprogrammet måtte stenge ned ein periode på grunn av Covid-19, blir ikkje prøvetakingsutstyret sendt ut automatisk i år. Både veterinærar og produsentar må sjølv skaffe seg prøvtakingsutstyr.

Analysane ved Mastittlaboratoriet i Molde vil vere gratis ut året, men Animalia rår til at alle planlegg prøvetakinga i god tid. Årsaka er at hausten er så hektisk at det kan ta opptil 5 veker før svaret er klart. Normalt skal det ta inntil 10 virkedagar å få svar på prøven.

Det er også nokre endringar i prøvetakinga. Blodprøvar til BRSV/BCoV-analysar skal tas i 4 ml blodprøveglas med rød kork. Ei anna nært føreståande endring er at tidsintervallet for prøvetakinga blir utvida frå 365 dagar til 410 dagar.

Annonse

Det vil føre til at statusen produsenten oppnår på prøvane vil gjelde i 13,5 månader i staden for 12. Føresetnaden er at det ikkje skjer hendingar i tidsrommet som har påverknad på smittestatusen i buskapen. Det skriv Animalia.

På grunn av den pågåande pandemien satsar kontrollprogrammet Teams-møter og webinar, i staden for tradisjonell møteaktivitet. Kontrollprogrammet går over i ein vanleg driftsfase i 2021, og område med fleire utbrot den siste sesongen vil ha høgast prioritet.

Neste artikkel

Anslår forholdstall på 1,07