Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Her pissar kua på do

Urinalet vann gullmedaljen på årets EuroTier-utstilling.

Refleks: Doen stimulerer urineringsrefleksen når kua et kraftfôr i kraftfôrautomaten. Foto: Joost Wiltink
Refleks: Doen stimulerer urineringsrefleksen når kua et kraftfôr i kraftfôrautomaten. Foto: Joost Wiltink

Når kua går inn i kraftfôrstasjonen, blir det senka ned eit urinal, som aktivt stimulerar urineringsrefleksen til kua. Utan å stresse kua, vil ho pisse i urinalet mens ho et kraftfôr. Ammoniakkutslepp er eit stort tema i husdyrproduksjonen i Nederland og legg kraftige avgrensingar på mjølkeproduksjonen for bøndene. Det er derfor ikkje tilfeldig at patenten med urinal, er utvikla i Nederland.

Annonse

Det er Hanskamp, ein kjent produsent av I-mek til mjølkeproduksjon, som har laga urinalet, som fekk den einaste gullmedaljen på årets digitale EuroTier-utstilling. Ei ku pissar mellom 15 og 20 liter urin i døgnet. Ved å skille urin og møkk, og samle urinet på lukka tankar, bidrar det til å redusere ammoniakkutsleppa. Når ein reduserer ammoniakkdampen i fjøsen, bidrar det også til reinare fjøs, eit betre inneklima, i tillegg til at det er bra for klauvene til kua.

Neste artikkel

Slik dyrker de godt grovfôr