Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

HT Gjerde har utvikla nedleggbare gjerder

Ut med ein ein bolt i hengsla på kvar jordfaste påle, og vips så kan du leggje gjerde flatt om vinteren og enkelt reise det igjen om våren.

HENGSLA: High tensile-gjerdet er hengsla og kan leggjast på bakken. Foto: HT Gjerde
HENGSLA: High tensile-gjerdet er hengsla og kan leggjast på bakken. Foto: HT Gjerde

I snørike områder kan gjerder vere ei stor utfordring. Det same kan det vere for skiløparar på tur. På sine føredragsturnear om gjerder og gjerding har Ragnar Vikingstad fått mange spørsmål om temaet, og nå har gründeren av HT Gjerde lansert eit nedleggbart gjerde.

– Me fekk ei konkret utfordring frå grunneigarar i Åbødalen i Sauda, og der har me testa ut vår løysing, fortel han.

UTFORDRINGA I ÅBØDALEN er at det gjerne kan komme fem til seks meter snø om vinteren. Men både før og etter at dei store snømengdene har lagt seg, herjar vinteren med gjerdene med frost og tining om ein annan. Grunneigarane ville gjerne ha eit gjerde dei kunne leggje ned om vinteren, utan at dei fekk problem med at nettingen krølla seg.

Løysinga blei å bruke strekkfast netting, som blir spikra permanent til pålen, og montere ei solid hengsle på kvar jordfaste påle.

HAUSTEN 2019 MONTERTE Vikingstad eit 300 meter langt, nedleggbart gjerde i kupert terreng. På grunn av terrenget måtte han bruke 19 jordfaste pålar, mens han berre ville ha brukt ni viss det var på ein rett og fin strekning. Elles blir det brukt tynnare trepålar som ikkje er lengre enn nettinghøgda, til å halde nettet utstrekt heile tida. Når ein skal leggje ned gjerdet, blir det gjort med å dra ein bolt ut av hengsla og dytte gjerdet over ende. Å reise gjerdet, er ein jobb for ein person.

Annonse
Går fort: Eit kvarter tar det å reise opp det 300 meter lange gjerdet. Foto: HT Gjerde
Går fort: Eit kvarter tar det å reise opp det 300 meter lange gjerdet. Foto: HT Gjerde

– Det krevast berre ei kraft på fem til kilo når ein skal reise gjerdet igjen, og er enkelt for ein person. Når stolpen er oppe, er det berre å sette i låsebolten. Gjerdet blei reist på eit kvarter, fortel Vikingstad.

EIT NEDLEGGBART GJERDE skal helst vere i rett linje. Om gjerdet var ein kilometer langt, ville Vikingstad ha delt det i to.

– Det er vanskelegare å montere eit nedleggbart gjerde med vinkel på, men det er mogleg. Då må ein bruke start-stopp.

I kupert terreng må han bruke anker og vaier for å trekke gjerdet ned i dumpene, slik han også gjer med vanlege gjerder. Prisen for eit nedleggbart gjerde er nå ein halv gong dyrare enn eit vanleg gjerde. Det har kosta å utvikle konseptet.

– Etter kvart som me får opp produksjonen, vil prisen gå ned, seier Ragnar Vikingstad.

Neste artikkel

Nofence mot ugras i kornåkeren