Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Inspiserte Zlatan før okseauksjonen

Hans Ove kjørte eins ærend frå Voss for å sjå til sin første Staur-okse.

Etter en litt sløv start har tilveksten til Mr. Zlatan ET av Skutle tatt seg bra opp. Tala frå mellomrekninga med ultralyd som blei gjort etter 111 dagar viste at limousinoksen har hatt en tilvekst på 1414 gram om dagen. Eigaren, Hans Ove Øvsthus, har forhåpningar til sin aller første Staur-okse før auksjonen den siste lørdagen i april.

54-åringen hadde tatt den seks timer lange turen over fjellet for se på oksekalven som han leverte til test i fjor høst, då det var åpen gard på Staur på onsdag. Dagen før blei den kåra, og nå er vossingen spent på kva framtida vil bringe for Mr. Zlatan.

Mr. Zlatan ET av Skutle blir neste gang å se på auksjonen på Staur den 28. april. Foto: Privat

– I beste fall blir han seminokse, men eg håpar at han i alle fall blir salsokse, seier han.

Mellomrekninga viser at vekta til Zlatan var 491 kilo, indeksane for grovfôropptak og forutnytting var 4,1 og 3,1. Sluttvekt, muskeldjupna, feittdjupna og intramuskulært feitt er det ikkje tal på ennå.

Heime er det kona, Ingrid, som driv garden, mens han er oljearbeidar med jobb i Nordsjøen. Det er mjølk som er hovudproduksjonen på garden, og i fjøsen leverer dei førti årskyra ein avdrått på 10 500 kilo energikorrigert mjølk.

Annonse

Det var også Ingrid som starta ammekueventyret då ho ga Hans Ove eit embryo i julegåve i 2004. I dag er det åtte mordyr på Skutle gard. Alle er resultat av ei medviten satsing på gode gener på morsida.

– Me har ikkje så mange dyr, men har satsa på god genetikk og kjøpt gode mødre. Akkurat nå har me ei kvige som ser veldig lovande ut, seier han.

Oksen fra Voss kom litt tregt i gang med tilveksten etter ankomsten på Staur, men over 111 dager har gjennomsnittstilveksten vært 1414 gram om dagen. Foto Privat

Mr. Zlatan ET er for eksempel eit resultat av ei kvige etter Vikke, og har Gino av Kittilsrud som far og Urville som morfar.

– Sjølv om det er mjølkeproduksjon som er hoveddrifta på garden, trivest eg eigentleg best med kjøtfe. Eg synes avl er veldig interessant, og nå har eg også fått kona interessert. Ingrid måtte vere heime og stelle dyra i dag, men ho blir med på auksjonen, fortel Hans Ove Øvsthus.

Zlatan er den første kandidaten Skutle gard har hatt på Staur. Foto: Privat

Neste artikkel

Fikk nei til avlsmillion