Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Kan vere tid for å satse på sau igjen

Det er smart å vere klar til å byggje når marknaden er på veg mot botn.

RETT TID: Andreas Lundegård trur det er ei god tid for sauebønder å starte planlegginga av nye driftsbygningar til sau.
RETT TID: Andreas Lundegård trur det er ei god tid for sauebønder å starte planlegginga av nye driftsbygningar til sau.

Fjorårets tørkesommar ga lite grovfôr. Saman med overdekning av sau- og lammekjøt har det fått fleire hundre saueprodusentar til å gi seg berre det siste året. Fråfallet betyr kanskje at nedgangstida for næringa snart er over.

– Magefølelsen seier meg at det marknaden for sauenæringa er i ferd med å betre seg. Då bør dei som ønskjer å henge med, og som har behov for å fornye seg, tenke på det nå. Snart er det kanskje tid for at Innovasjon Norge slepp opp litt, og opnar for investeringar i sau igjen.

I Setesdal blei det bygd fleire nye sauehus for nokre år sidan. Arkivfoto
I Setesdal blei det bygd fleire nye sauehus for nokre år sidan. Arkivfoto

Andreas Lundegård fortel at han har kasta nokre små brannfaklar på møter der bønder frå Rogaland og Hordaland har vore samla denne hausten. Vindafjordingen følgjer landbruket tett. I sin eine jobb er han landbruksrådgjevar og rekneskapsførar i Tveit Regnskap, i sin andre jobb er han saue- og ammekubonde i Øvre Vats, og på fritida er han aktiv i ulike landbruksorganisasjonar.

Det var i hans nedslagsfelt at Innovasjon Norge først var ute med å sette bremsene på då investeringane i nye bygg til sau var stor for nokre år sidan. Handbrekket står ennå på, sjølv om det nå er opning for å gi støtte til nybygg ved generasjonsskifte, så lenge ikkje dyretalet aukar.

– Etter fem år med stillstand er det alltid noen som har behov for å fornye seg. Ellers går det så lang tid at dei hoppar av, seier Lundegård.

Annonse

Og det finnes fleire tal som viser at mange har hoppa av dei to siste åra. I følgje fersk slaktestatistikk frå Animalia hadde vel 13 500 buskapar levert sau og lam til slakt i starten av november. Så seint som i 2017 sidan var det tusen fleire, og over ein periode på 20 år har talet på buskapar med sau gått ned med nesten 10 000.

ENDRING: Kanskje er me på veg mot betre tider for dei som er framleis er i sauenæringa. Arkivfoto
ENDRING: Kanskje er me på veg mot betre tider for dei som er framleis er i sauenæringa. Arkivfoto

– Me har nok ein skjult reserve i sauebønder som har redusert produksjonen dei siste åra, og som kan trappe opp produksjonen utan å byggje. Men for dei som vurderer å byggje nytt er det kanskje ei god tid å starte planlegginga nå, slik at ein er klar når marknadssituasjonen endrar seg. Det er for mange som investerer når marknaden er på topp og ikkje får med seg dei gode tidene. Me er fort i 2021 før eit nybygg står klart om ein byrjar planlegginga nå.

Så langt i haust har det blitt slakta 958 000 lam. Det er 106 000 færre enn på same tid i fjor. Samstundes er den gjennomsnittlege slaktevekta 18,78 kilo, som er 0,21 kilo meir enn i 2018.

Landbruksrådgjevaren håpar at Innovasjon Norge er villige til å differensiere tilskota når dei igjen finn rom for å investere i nybygg til sau. Lundegård foreslår føringar som vil komme distrikta i utkantane til gode.

– Sau er ei typisk kombinasjonsnæring, og ei kombinasjonsnæring kan ikkje vere for stor. Eg er skeptisk til sentalisering og det er ikkje så mange stader i distrikta ein kan ha 300-400 vinterfôra sauer. Det er det ikkje vårbeiter til. Må må ikkje legge opp til så store buskapar at me må beite fulldyrka jord. Eg meiner at opp til 250 vinterfôra sauer må vere meir enn nok, seier han.

Julie Ånesbug bygget nytt fjøs i Steigen i Nordland. Arkivfoto
Julie Ånesbug bygget nytt fjøs i Steigen i Nordland. Arkivfoto

Neste artikkel

Husdyrhospitalet som ligger midt i byen