Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjøper ikkje kalvar frå Rogaland etter ringormutbrot

Geno vil ikkje ha kalvar frå Rogland før årsskiftet etter at åtte buskapar i Rogaland er smitta med ringorm.

Geno vil ikkje ha fleire kalvar frå Rogaland i år. Foto: Arvid Reiersen
Geno vil ikkje ha fleire kalvar frå Rogaland i år. Foto: Arvid Reiersen

Geno vil avvise nye kalvar frå Rogaland resten av 2019. Det melder avlsorganisasjonen på sine nettsider.

Årsaka er at det nå er stadfesta ringormutbrot i åtte buskapar i fylket, men det kjem framleis meldingar om nye buskapar med stadfesta smitte, eller mistanke om dette.

Annonse

For å redusere faren for smittespreiing med livdyrtransport i ein uoversiktleg situasjon har Geno vald å ikkje kjøpe dyr frå Rogaland i tida fram til nyttår.

I pressemeldinga skriv Geno at dei ønskjer at innkjøpte kalvar skal vere maksimalt fem månader gamle ved innkjøring til teststasjonen på Øyer. Det inneber at kalvar som er fødde i Rogaland i august vil bli avviste.

I påventa av at situasjonen skal bli meir avklart på nyåret held Geno fram med å sende ut utstyr for genotyping av seminokseemner og embryodonoremner på vanleg måte. Geno oppfordrar til innesending av DNA-prøver frå kalvar som er aktuelle for Geno også frå område med smitte.

Neste artikkel

Konkurranse om å få bidra til avlsdugnad