Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Legg ned gjerdet om vinteren

Ut med ein ein bolt i hengsla på kvar jordfaste påle, og vips så kan du legge gjerde flatt om vinteren og enkelt reise det igjen om våren.

HENGSLET: High Tensile-gjerdet er hengslet og kan legges på bakken. Foto: HT-Gjerde
HENGSLET: High Tensile-gjerdet er hengslet og kan legges på bakken. Foto: HT-Gjerde

I snørike områder kan gjerder vere ei stor utfordring. Det same kan det vere for skiløparar på tur. På sine føredragsturnear om gjerder og gjerding har Ragnar Vikingstad fått mange spørsmål om temaet, og nå har gründeren av HT-Gjerde lansert eit nedleggbart gjerde.

– Me fekk ei konkret utfordring frå grunneigarar i Åbødalen i Sauda, og der har me testa ut vår løysing, fortel han.

UTFORDRINGA I ÅBØDALEN er at det gjerne kan komme 5-6 meter snø om vinteren. Men både før og etter at dei store snømengdene har lagt seg herjar vinteren med gjerdene med frost og tining om ein annan. Grunneigarane ville gjerne ha eit gjerde dei kunne legge ned om vinteren, utan at dei fekk problem med at nettingen krølla seg.

Løysinga blei å bruke strekkfast netting som blir spikra permanent til pålen, og montere ei solid hengsle på kvar jordfaste påle.

HAUSTEN 2019 MONTERTE Vikingstad eit 300 meter langt nedleggbart gjerde i kupert terreng. På grunn av terrenget måtte han bruke 19 jordfaste pålar, mens han berre ville brukt 9 viss det var på ein rett og fin strekning. Ellers blir det brukt tynnare trepålar so mikkje er lengre enn nettinghøgda til å halde nettet utstrekt heile tida. Når ein skal legge ned gjerdet blir det gjort med å dra ein bolt ut av hengsla og dytte gjerdet over ende. Å reise gjerdet er ein jobb for ein person..

Annonse
Et kvarter tar det å reise opp det 300 meter lange gjerdet. Foto: HT-Gjerde
Et kvarter tar det å reise opp det 300 meter lange gjerdet. Foto: HT-Gjerde

– Det kreves berre ei kraft på 5-10 kilo når ein skal reise gjerdet igjen, og er enkelt for ein person. Når stolpen er oppe er det berre å sette i låsebolten. Gjerdet blei reist på eit kvarter, fortel Vikingstad.

EIT NEDLEGGBART GJERDE skal helst vere i rett linje. Om gjerdet var ein kilometer langt ville Vikingstad delt det i to.

– Det er vanskelegare å montere eit nedleggbart gjerde med vinkel på, men det er mulig. Då bå ein bruke start-stopp.

I kupert terreng må han bruke anker og vaier for å trekke gjerdet ned i dumpene, slik han også gjer med vanlege gjerder. Prisen for eit nedleggbart gjerde er nå ein halv gong dyrare enn eit vanleg gjerde. Det har kosta å utviklet konseptet.

– Etterkvart som me får opp produksjonen vil prisen gå ned, seier Ragnar Vikingstad.

Neste artikkel

HT Gjerde har utvikla nedleggbare gjerder