Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lyst og luftig i nytt ammekufjøs

Tom Are er klar til å flytte angusen inn.

Frå kontoret på hemsen i det 1 100 kvadratmeter store ammekufjøset har 30-åringen frå Bokn panorama utsikt til både ammekyr, holmar, skjer og ope hav.

Dei perforerte metallplatene både i gavlveggen og langveggane gjer ikkje berre at lyset slepp inn, men også at naturen får komme inn i fjøset.

– Eg er spent på korleis det vil fungere med perforerte plater. Når vinden og regnet står rett på driv det vatn inn gjennom platene og det blir vått på golvet innafor. Eg veit heller ikkje kor lang levetid veggplatene har i eit slikt miljø, fortel Tom Are.

Hulla i dei perforerte platene er ikkje så store, men platene er likevel veldig gjennomsiktige.

Monteringa av imek, røyrleggararbeid og elektrisk går raskt mot slutten.

– Eg kjem til å ha inn dei første dyra denne veka, og kanskje allereie i kveld. Det er kyr og kalvar som har gått med kalvane sine heilt til nå fordi eg ikkje har hatt plass til dei før nå, fortalde han då Norsk Landbruk var på besøk på mandag.

Den nye fjøsen er 50 meter lang og 20 meter brei. Sperra har rette bein for at dei ikkje skal stjele plass ved ytterveggen. Under fjøsen er det seks kanalar for omrøring og plass til om 1 000 kubikkmeter gjødsel.

Her blir det kalvegjømme når angusane byrjar å kalve på nyåret.

I taket heng det til saman seks overvakingskamera som gir bonden eit godt overblikk av det som måtte skje i fjøsen også på nattestid. Sju ledlys i taket er nok til å lyse opp heile fjøsen.

– Dei sju ldlysa frå Agrilight tilsvarar 38 vanlege lysarmatur, og er styrt av lyssensorar som justerer seg etter dagslyset. Om natta gir dei rødt lys som ikkje forstyrrar dyra, fortel Tom Are.

Her er lyset i nattmodus.

Ammekufjøsen er mellom annan innreia med skråstilte frontar frå Fjøssystemer sin franske leverandør, Jourdain. Bingeskiljene er laga med sju rør for at kalvane ikkje skal kunne sette seg fast, og låsen er av den nye typen quicklock.

Sirkulasjon i vatnsystemet til Suevia sikrar at vatnet i drikkekara ikkje skal fryse.

Tom Are startar innflyttinga i den nye fjøsen denne veka.

Det breie fôrbrettet gjer det mulig å fôre med fôrmiksar, og Tom Are har investert i ein 25 kubikkmeters fôrmiksar frå BvL.

Annonse

I år har boknaren tatt mot 37 anguskalvar. Til våren har han 50 dyr som skal kalve, men målet er å bygge opp buskapen med dyr på alle dei 76 liggebåsane. I tillegg har fjøsen plass til 20 ungdyr og to avlsoksar.

Fjøsen på Are ligg nokre hudre meter frå ferjekaien på Arsvågen på Bokn.
50 x 20 meter er den nye ammekufjøsen til Tom Are.

Liggebåsavdelinga er delt inn i fire grupper.
I stedet for 38 vanlige lysarmatur har Tom Are valgt 7 ledlamper.
Et lite enkelt kontrollpanel styrer lyset.
Drikkesystemet er frostsikkert.
Bingeskillene har hurtiglås.

Gummimattene er laget av irske EasyFix.

Drikkekar i ungdyravdelinga.
På den svevande hemsen blir det kontor og møterom.

Neste artikkel

15 kjøttfe døde av for mye ubehandla halm