Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny nettside for omsetjing av livdyr

Har du sakna ein stad søke når du treng livdyr, enten det er mjølkeku, ammeku, sau, gris eller andre dyr som høyrer naturleg til på ein gard?

LIVDYR: Daniel Vignes har saman med Arve og Mathias Vignes laga ei nettside for sal og kjøp av livdyr. Her er Daniel Vignes (nærast) på besøk hos fjøsmeister Andreas Tengesdal på Angusgården. Foto: Dag Idar Jøsang
LIVDYR: Daniel Vignes har saman med Arve og Mathias Vignes laga ei nettside for sal og kjøp av livdyr. Her er Daniel Vignes (nærast) på besøk hos fjøsmeister Andreas Tengesdal på Angusgården. Foto: Dag Idar Jøsang

DET HAR DANIEL VIGNES, som nyleg har overtatt familien sitt mjølkebruk på Finnøy i Rogaland. Eller meir presist: Far hans, Arve Vignes, har sakna ei slik side i mange år.

– Det er eigentleg far min sin idé, og saman med bror min Mathias, har me tre laga nettsida livdyr.no. Bakgrunnen er at ein har hatt lite informasjon og bilde av sjølve dyret ein kjøper. Det ein gjerne har hatt tilgang til er talet på dyr og i kva region dei er til sals. Målet vårt har vore å lage ei løysing med info om dyret og garden der det er til sals, og få synleggjort det på ein enkel og brukarvennleg måte. Det er jo alltid greitt å få sjå det dyret når ein skal kjøpe, seier Daniel.

NETTSIDA HAR HOVUDKATEGORIANE storfe, småfe, gris og fjørfe, og i tillegg ei samlegruppe for andre dyr som naturleg kan høyre heime på ein gard, som for eksempel hest og gjetarhund. For kvar kategori er opplysningane som blir lagt inn tilpassa dyreslaget, og det kan for eksempel leggast inn pdf av stamtavler og liknande.

MARKNADSPLASS: Skjermdump av nettsida livdyr.no
MARKNADSPLASS: Skjermdump av nettsida livdyr.no

Som mjølkebonde, og rådgjevar i Tine, fortel Daniel at faren alltid har vore interessert i avl. Han meiner at det er mange flinke oppdrettarar som i dag får for lite igjen for den jobben dei gjer.

Annonse

– Me ønskjer å få til ein marknadsplass der folk får synleggjort dyra sine, og at det for kjøparar skal bli ein stad der ein kan få tak i dyr av god kvalitet. Eg trur at dette kan vere med å skape meir interesse for avl på eigenskapar som helse, produksjon og yting.

LIVDYR.NO ER EIN STAD FOR å formidle kontakt mellom kjøparar og seljarar. Korleis prisen blir sett og måten ein ordnar oppgjeret seg i mellom legg ikkje nettsida nokon føringar på. Det kan enten skje privat eller ordnast på ein tradisjonell måte gjennom eit slakteri.

Marknadssida, som blei lansert i oktober, er førebels gratis å bruke, og annonsene blir liggande i opptil 40 dagar. For livdyrforhandlarar om sel dyr gjennom heile året er det mulig å kjøpe profilannonser for 499 kroner for eit heilt år. Då kan ein legge inn opptil 20 bilder og redigere i annonsa.

– Eg trur at gode mjølkekyr og avlsdyr ofte er underprisa i forhold til den eigenlege verdien, og håpet er at dei som sel dyr får betre betalt for kvaliteten når dette blir meir synleg, seier Daniel Vignes.

EIN FUNKSJON SOM SNART vil bli lagt til på sida er annonser for dei som ønskjer å kjøpe dyr. Storfe vil vere først ut, men etter kvart vil også dei andre dyreslaga bli lagt til.

– Då vil seljarar kunne sjå kva type dyr det er etterspurnad etter, og ta kontakt med kjøparen. Det kan for eksempel vere ein mjølkeprodusent som treng tre kyr som har gått i robotfjøs, opplyser Mathias Vignes, som står for den tekniske utviklinga av livdyr.no.

Neste artikkel

479 husdyrprodusenter har fått investeringstilskudd