Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Optimisme ga fleire sauebønder

Det blei fleire sauebønder i 2016.

Fleire: Norske saueprodusenter blir fleire og produserer meir kjøt. Foto: Helle Berger

Talet på slakta sauer og lam var det høgaste sidan 2004, men var ikkje den einaste pila som peika oppover for sauenæringa i 2016. Det var også 67 fleire sauebønder som leverte dyr til norske slakteri. Det viser tal frå Animalia.

Les også: Fotråte påvist igjen

Slakteria har betalte i fjor ut oppgjer til 15 016 saueprodusentar i fjor. Det er 67 fleire enn året før. Det er første gong på minst 20 år, med unntak av enkeltåret 1999, at talet på saueprodusentar har gått opp. Frå tusenårsskiftet har fråfallet i gjennomsnitt vore på 600 produsentar i året, men me fekk eit varsel om trendskifte i fjor. Då var nettofråfallet berre på 8 produsentar.

Video: Trippel sauesatsing i Setesdal

Annonse

Les også: Mener beitebruken i Norge kan dobles

Tala viser også at sauebruka blir større og større år for år. I 2016 leverte gjennomsnittsprodusenten 85,1 dyr til slakteriet. Det var 3,3 dyr meir enn året før. Dei 20 siste åra har gjennomsnittet auka med 1,8 slakt i året.

Neste artikkel

Gjør væren beredt