Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
STRATEGI: Halvor Gauteplass (t.v.) og Svein Nedremyr driv to av dei høgast ytande buskapane i landet, høgt til fjells, men strategien dei har brukt for å nå målet, er ganske ulik.
STRATEGI: Halvor Gauteplass (t.v.) og Svein Nedremyr driv to av dei høgast ytande buskapane i landet, høgt til fjells, men strategien dei har brukt for å nå målet, er ganske ulik.

På avdråttstoppen høgt til fjells

HOL: Høgt til fjells hadde Svein Nedremyr sin holsteinbuskap ein avdrått på 13 700 kilo mjølk i fjor. Hos «naboen» Halvor Gauteplass, enda høgare til fjells, produserte blandingsbuskapen nesten 12 000 kilo.

– Eg kjøpte ei kvige av Svein som han ikkje hadde tru på. Det var feil rase, og ho fekk namnet Svein. Kvar gong kua sette ny rekord, tok eg bilde og sendte til Svein, fortel Halvor Gauteplass og ler.

– Det irriterer meg ennå faktisk, innrømmer Svein Nedremyr med eit skeivt smil.

Dei to hallingdølane elskar å trekke i kvarandre, og tonen mellom dei er lett. Buskapane deira ligg heilt i landstoppen på mjølkeyting per årsku. Årets oversikt i Buskap viser at Svein hadde den høgastytande buskapen i landet i fjor, med 13 695,7 kilo energikorrigert mjølk (EKM). Halvor hadde den 14. høgastytande buskapen, med 11 951 kilo EKM. Begge klatra tre plassar opp, samanlikna med året før. Det har dei oppnådd på kvart sitt vis.

– Me følgjer to vidt forskjellige strategiar, seier Svein.

ULIKE STRATEGIAR

På Nedremyr har Svein ein rein holsteinbuskap, der han brukar amerikanske og kanadiske gener når han inseminerer. I lausdriftsfjøsen frå 2013 har han Lely mjølkerobot, miksar ein rikhaldig grunnrasjon til kyr i laktasjon og ein eigen miks til kviger og sinkyr. I rundballane ensilerer han med Sil-All mjølkesyrebakterier, og han kjøper også fôringsrådgjeving frå Alltech. Fôringa skjer med minilastar, og ein heilautomatisk Lely Juno sørgar for å skyve fôret inntil på fôrbrettet.

Er du abonnent kan du lese meir om drifta til Svein Nedremyr og Halvor Gauteplass i desse tre artiklane:

Då den gamle båsfjøsen på Gauteplass blei bygd om og bygd ut, valde Halvor ein VMS frå DeLaval. Med utgangspunkt i ein rein NRF-buskap har Halvor både kjøpt og kryssa inn holstein, slik at buskapen nå består av rundt ein tredel NRF, ein tredel holstein og ein tredel som er krysningar mellom dei to rasane. Den trufaste samvirkebonden er tillitsvald i Geno og kjøper også Viking Genetics sin holsteinsemin gjennom dei. I grovfôrproduksjonen held Halvor seg til syre når han ensilerer, og når han fôrar, har han ein Serigstad Exact Feeder med matebord på låven. Annankvar rundball er første- og andreslått, og ein Reime takutleggjar legg grovfôr på fôrbrettet kvar andre time. I motsetning til Svein har han også ein kraftfôrautomat i fjøsen.

– Ein annan forskjell er at det ikkje er om å gjere for meg å få ein kalv i året. Eg inseminerer ikkje før på 120 dagar, og snittet ligg mellom 120 og 150, seier Svein.

KURS: Til sommaren får også Halvor Gauteplass (t.v.) installert ein Trioliet fôrmiksar, og han har kursa seg i fjøsen til Svein Nedremyr.
KURS: Til sommaren får også Halvor Gauteplass (t.v.) installert ein Trioliet fôrmiksar, og han har kursa seg i fjøsen til Svein Nedremyr.

– Der er eg meir på hogget. For å få produksjon på NRF-kyrne mine, må eg få inseminert dei på 50 dagar. Då kjem årsavdråtten automatisk, fordi eg får erstatta ein sinkumånad med 50 kilo mjølk om dagen. Det er eit enkelt reknestykke for meg, seier Halvor.

USMINKA VERSJON

Alt som er ulikt, betyr ikkje at ein skal overdrive forskjellane heller. Dei er begge opptatte av grovfôrkvalitet, og til dels lange avstandar gjer at dei brukar rundballar. At det ikkje er nokon marknad for leigekøyring, betyr også at dei haustar grovfôret sitt sjølv. Eit anna eksempel på at bøndene både lærer og nærmar seg kvarandre på nokre felt, er at Halvor har bestilt seg fôrmiksar av same typen som Svein har. Trioliet-miksaren skal installerast til sommaren.

Annonse

– Eg har vore her på miksekurs. Når eg skal ta eit nytt steg i drifta, er det her eg går for å finne den næraste ekspertisen. Då får eg ein usminka versjon. På det kurset var me veldig seriøse, humrar Halvor.

Bortsett frå dei to dedikerte mjølkebøndene og nokre få til, er miljøet i Hallingdalen relativt tynt, men det betyr ikkje så mykje for nokon av dei.

– Det er ikkje det at produsentmiljøet er dårleg, men det er lite. Derfor snakkar eg meir med folk på Jæren, i Gudbrandsdalen, Romerike og elles rundt om i Noreg, enn med folk lokalt, fortel Svein.

Halvor er inne på det same. Han brukar rådgjevingsapparatet, går gjerne på markdagar når han kan og deltar på fagmøte. Han er aktiv i bondelaget og tillitsvald i såvel Tine som i Nortura og Geno.

– Eg er nok litt introvert og trivst i mitt eige selskap. Eg treng ikkje nære venner å forhalde meg til, men synest det er triveleg å reise på fagmøte eller markdagar når eg har tid til det.

GJEVT MED AVDRÅTTSLISTA

Begge hallingdølene innrømmer at det betyr litt å hamne på lista over dei høgastytande buskapane i landet.

HOL: Garden til Svein Nedremyr (t.h.) ligg på vel 600 m.o.h., mens Halvor Gauteplass driv endå høgare til fjells.
HOL: Garden til Svein Nedremyr (t.h.) ligg på vel 600 m.o.h., mens Halvor Gauteplass driv endå høgare til fjells.

– Eg blir i alle fall litt stressa når eg ser at ytinga går nedover. Fôringsrådgjevaren min seier at eg har avlsmateriale til å produsere 15 tonn per årsku, men eg har vel ikkje heilt tru på det, seier Svein.

– Det betyr litt for meg også. Eg likar å få stadfesta at ting går bra. Nå har eg drive i 31 år, og viss eg skulle senka skuldrene og ambisjonane, og produsert 8 000 liter på 30 kilo kraftfôr, som er snittet, så ville eg kjeda meg i hel, seier Halvor.

På Gauteplass er det vanleg at kyrne har ein dupp i produksjonen i desember. Dei to siste åra har det ført til at Halvor har vippa under 12 tonn i avdrått. At det gjentar seg år etter år, er eit irritasjonsmoment.

– Det er litt deprimerande å liggje godt over 12 tonn heile året, og så få den duppen i desember. I januar var eg oppe i 12,2 tonn igjen. Det er tungt, men eg kan leve med det, ler han hjarteleg.

– Hos meg kjem ofte den duppen i november, fortel Svein.

Denne artikkelen står på trykk i Norsk Landbruk nummer 7/2021 og er forbeholdt våre abonnenter.

Neste artikkel

Leverer mjølk på bestilling