Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pressa byggjeprisen med irske løysingar

Haugesundar henta inspirasjon til billigere ammekufjøs i Irland.

Harald Pedersen valde å byggje i tre og med møna tak, for at ammekufjøsen skulle passe inn i terrenget.

Harald Pedersen var med å dra i gong eit prosjekt for byggje rimelegare ammekufjøs for eit vått og mildt vestlandsklima, der halmtalle ikkje er eit alternativ.

Dei fekk med seg Mattilsynet på å fjerne kravet om gasstett sambinding mellom gjødsellager og dyrerom og reduserte byggjekostnaden kraftig. Til slutt greidde den dåverande rekneskapsføren å rekne seg fram til svarte tal på botnlinja.

I Norsk Landbruk nummer 3, som dumpar ned i postkassen til abonnentane våre denne veka, har me besøkt Harald Pedersen for å høyre meir om erfaringane hans etter eitt års drift.

Fjøsen er enkel og fleksibel. Bak liggjearealet med gummimatter er det kalvegjømme som også blir brukt som drivgang for å flytte dyr mellom dei fem bingane.

Hos Harald Pedersen blei prisen per mordyrplass 61 000 kroner i ein fjøs med plass til 30 mordyr.

Annonse

– Det var godt innafor målet, som var å komme fram til ein fjøstype utan liggjebåsplassar eller bruk av talle, som kosta mellom 50 000 og 70 000 kroner per mordyr. Grunnarbeidet blei litt meir omfattande enn eg først hadde sett føre meg. Det blei brukt ein god del dynamitt, men så har eg fått laga ein stor og god plass rundt fjøsen i tillegg. Dei som har ei tomt der det ligg godt til rette, kan spare ein del pengar samanlikna med det eg har gjort, fortel Harald Pedersen.

Me har også besøkt Samson Hovda. Hos ammekubonden i Sveio flytta dyra inn i eit nytt fjøs, bygd med teikningar inspirert av det same prosjektet, i fjor haust.

I Sveio har Samson Hovda bygd for 48 mordyr, der fôrbrettet vender inn mot tårnsiloane på den gamle mjølkefjøsen.

Hos Samson Hovda blei prisen 66 000 kroner, i ein fjøs med plass til 48 mordyr, men bygget hans er ein meter breiare. Den meteren har gitt større plass på liggjearealet.

Du les meir om dei Irland-inspirerte ammekufjøsane i Norsk Landbruk. Er du ikkje abonnent? Abonnement kan du kjøpe her!

Neste artikkel

Gresseth ny leder i Tyr