Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rogaland har redusert mjølkeproduksjonen mest

Norsk mjølkeproduksjon er på veg ned.

REDUKSJON: Etter at mjølkeleveransane på det meste låg 18 millionar liter over same periode i 2018 i april og mai, låg dei 27 millionar liter under fjoråret ved utgangen av november. Illustrasjonsfoto: Dag Idar Jøsang
REDUKSJON: Etter at mjølkeleveransane på det meste låg 18 millionar liter over same periode i 2018 i april og mai, låg dei 27 millionar liter under fjoråret ved utgangen av november. Illustrasjonsfoto: Dag Idar Jøsang

I januar 2019 blei det levert vel 141 millionar liter rå mjølk frå norske mjølkebruk. Det var nesten 6 millionar liter meir enn året før, og tilsvarte ein vekst på 4,3 prosent.

I løpet av dei fem første månadane blei det totalt levert 18 millionar liter meir mjølk enn i same periode i 2018. Så snudde trenden, og i løpet av september var det leverte totalvolumet på same nivå som året før.

Det har lenge vore klart at norsk mjølkeproduksjon må reduserast, og i oktober blei Norges Bondelag og Staten einige om vilkåra for å skalere ned produksjonen med 100 millionar liter. Det tilsvarar ein reduksjon på 7 prosent.

Status etter at tala for november var klare er at produksjonen så langt i år er 27 millionar lågare enn på same tid i fjor, noko som tilsvarer ein nedgang på 2,0 prosent.

Kjelde: Tine Råvare
Kjelde: Tine Råvare
Annonse

I Tine hadde produsentane redusert mjølkeleveringa med 2,2 prosent. Nedgangen var litt større hos dei konvensjonelle produsentane enn hos dei økologiske. Det blei levert 45 millionar liter økologisk mjølk, mot 45,8 i same periode i fjor. Det gir ein nedgang på 1,7 prosent.

Andre meieriaktørar har hatt ei auke i leveransane på 1,5 millionar liter, som tilsvarar ein vekst på 1,9 prosent.

Det har vore ein nedgang i mjølkeleveringa i alle fylka, men det er mjølkebøndene i Rogaland som står for den største reduksjonen. Både når ein måler i liter og den prosentvise nedgangen. Reduksjonen på 8,4 millionar liter tilsvarar ein nedgang på 4,3 prosent.

Av dei andre store mjølkeproduserande fylka har Oppland ein nedgang i leveransane på 3,3 prosent, mens mjølkebøndene i Hedmark har levert 3,2 prosent mindre mjølk.

I motsett ende av skalaen ligg Trøndelag, som har levert 0,7 prosent mindre mjølk dei elleve første månadane i år.

Neste artikkel

Tine øker betaling for melka