Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rykta sa at ammekubønder ga opp, men her er tala

Fleire ammekyr, og litt færre mjølkekyr.

STATISTIKK: Trass i rykte om at mange ammekubønder ga opp allereie i fjor, så auka talet på ammekyr i 2021 viser tal frå Landbruksdirektoratet. Foto: Marit Glærum
STATISTIKK: Trass i rykte om at mange ammekubønder ga opp allereie i fjor, så auka talet på ammekyr i 2021 viser tal frå Landbruksdirektoratet. Foto: Marit Glærum

Mange trudde det var ein aprilspøk då den profilerte ammekubonden Kristian Hovde fortalde Norsk Landbruk at han hadde meldt heile bølingen til slakt i juni. På Tynset og mange andre stader følgde andre ammekubønder opp. Dei sende eit sterkt signal inn til partane som skulle leggje fram krav og tilbod i jordbruksforhandlingane få veker seinare.

Men heilt sidan landbruket la fram kravet i jordbruksforhandlingane i 2021 har det gått rykte om at mange ammekubønder ville gi opp og slakte ut heile buskapar. Eller at dei store ville trappe ned for å tilpasse seg maksgrensa for tilskot.

TALA FRÅ TELJEDATOANE mellom mars 2021 og mars 2022 viser at trass i den dårlege økonomien var fleire som starta med ammekyr, eller auka talet på dyr, enn dei som ga seg eller trappa ned.

I mars i år registrerte Landbruksdirektoratet søknad om produksjonstilskot for 108 723 ammekyr. Det var 4 324 fleire kyr enn eitt år tidlegare.

Aller flest ammekyr finnes det i Innlandet. Her var det nesten 24 400 ammekyr ved teljedatoen i mars. Ei auke på nesten 1 200 hodyr, eller pluss 4,3 prosent, på eitt år. Målt i prosent var det likevel i Troms og Finnmark og i Vestland at ammekuflokken vaks mest. I Finnmark med 11,3 prosent og i Vestland med 10 prosent.

Annonse

I MANGE ÅR GJEKK TALET på mjølkekyr ned år for år, og nedgangen samvarierte ofte med ei like stor auke i talet på ammekyr. Men under pandemien endra mønsteret seg. Stengde grenser og behov for meir norsk mjølk førte til at staten auka forholdstalet, som avgjer kor mykje mjølk kvar enkelt produsent kan levere. I løpet av året ga staten grønt lys for å auke produksjonen med 7 prosent meir mjølk enn grunnkvota tilsa. For å gire opp produksjonen raskt blei norske fjøs fylt med nesten 5 000 fleire kyr enn året før.

Så blei forholdstalet redusert frå 1,07 til 0,99 ved inngangen til 2022. Det hadde begynt å vise igjen ved teljedatoen den 1. mars i år. Då var det 211 392 mjølkekyr i Norge. Nesten 1 300 dyr færre enn eitt år tidlegare. I prosent utgjer det ein reduksjon på 0,6 prosent.

MELLOM FYLKE OG REGIONAR er det ingen store utslag. I Troms og Finnmark og Møre og Romsdal var det fleire kyr enn for eitt år sidan, mens resten av fylka har redusert. I prosent er reduksjonen størst i Vestfold og Telemark, med 3,2 prosent.

Etter fylkessamanslåinga i Midt-Norge passerte Trøndelag Rogaland som fylket med flest kyr, og statistikken viser at fire av ti norske melkekyr blir mjølka i Trøndelag og Rogaland.

Neste artikkel

Tar sats og løftar seg til nytt nivå