Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Saknar tilvekstkurve i storfekjøtkontrollen

Arnfinn Horpestad etterlyser same funksjon i storfekjøtkontrollen som han har i kukontrollen.

Arnfinn Horpestad valde Fjøssystemer sitt system for å vege, stelle og sortere dyr. Foto: Dag Idar Jøsang

Å få data frå storfevekta rett inn i storfekjøtkontrollen og få vekta illustrert grafisk i forhold til ei ønska tilvekstkurve. Det er ønskje til Arnfinn Horpestad.

Jærbonden har ammekuproduksjon med 50 kalvingar i året og mjølkeproduksjon med ein kvote på 400 tonn. I begge produksjonane fôrar han fram alle oksane.

– Eg ønskjer meg det same systemet i storfekjøtkontrollen som det eg har i kukontrollen, seier Horpestad.

Når jærbonden registrerer vekta til NRF-kviger og oksar i kukontrollen får han illustrert tilveksten til kvart dyr med ein svart prikk, der han lett ser om dyret ligg over eller under streken. Kva kurve han har som mål definerer han sjølv.

Ein slik graf som han har for NRF-oksane i kukontrollen ønskjer Arnfinn Horpestad også for oksane han registrerer i storfekjøtkontrollen. Skjermdump

– I kukontrollen kan eg for eksempel legge inn at eg ønskjer 320 kilo slaktevekt etter 16 månader, og så ser eg korleis oksane ligg i forhold til kurva. Viss det er ein okse som har for dårleg tilvekst kan eg bestemme meg for å justere slaktealderen til 20 månader og lage ei ny tilvekstkurve. Det som er motiverande med å vege og registrere er å sjå kva det gjer for tilveksten og dermed for økonomien, seier han.

Annonse

Ønskje til Arnfinn Horpestad er godt kjent i Animalia. Dei har tidlegare ytra ønskje om å leige denne tenesta av Tine, men ikkje landa nokon avtale. Derfor er planen å utvikle funksjonen sjølv, fortel Marit Lindtvedt Lystad, som er fagsjef for husdyrkontrollene i Animalia.

– Me trenger kvalitetsdata på kjøttfe, og håpar å få til eit samarbeid med NMBU om ei mastergrad på veging til hausten. Me har konkludert med me ikkje får til dette i år, men det står på planen for 2020, seier ho.

Så langt har jærbonden vore avhengig av å punsje data frå vekta inn i både kukontrollen og storfekjøtkontrollen. Det skal vere mulig å overføre data elektronisk frå True Test-vekta, men foreløpig har han ikkje fått teknologien til å spele på lag.

Ei tilvekstkurve illustrerer samanhengen mellom tilvekst og alder betre enn berre tal i ein tabell.

Dessutan gjenstår eit problem. I fjøsen sin har Horpestad både NRF, limousin og andre kryssingar. Når det er veging skil han ikkje mellom rasar. Då blir binge for binge tatt etter tur, og når dataene blir punsja inn i storfekjøtkontrollen og kukontrollen oppstår det ei konflikt mellom programma fordi dei ikkje snakkar godt nok saman. Det fører til feilmeldingar i storfekjøtkontrollen på dyr som er registrert i kukontrollen, og omvendt.

– Det som skjer er at det blir så mange feilmeldingar at eg ikkje orkar å sjå på dei, seier han oppgitt.

Neste artikkel

Fikk nei til avlsmillion