Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Saueulla blir mindre verd

Norilia set avrekningsprisen for ull til null kroner, mens Fatland ikkje vil redusere sine prisar.

KVALITET: I år er det ekstra viktig å levere ull av god kvalitet. Arkivfoto: Marcus Pasveer
KVALITET: I år er det ekstra viktig å levere ull av god kvalitet. Arkivfoto: Marcus Pasveer

Å ta vare på ullkvaliteten er ekstra viktig i år. Om kvit crossbred haustull blir klassa ned frå klasse 1 på grunn av at ulla er svart i tuppane, har vegetabilar eller at ulla er filta, vil ein Nortura-produsent miste over 50 kroner i tilskot per kilo ull.

Det er resultatet av ein kollaps i den internasjonale ullmarknaden sidan mars. Prisnedgangen på grunn av Covid19-pandemien kjem på tommen av eit kraftig prisfall på ull i 2019.

Årsakene til at svikten i etterspurnaden og dei historisk låge prisane er mellom anna handelskrigen mellom USA og Kina, endra forbruksmønster, nedgang i den økonomiske veksten i Kina og at det er store mengder ull på lager. Det skriv Norilia, som er det dotterselskapet til Nortura som tar seg av ull.

Frå ullauksjonar i Storbritannia og New Zealand blir det rapportert at ullprisen har falt med meir enn 30 prosent, og situasjonen i dag er at nær 80 prosent av den norske ulla går til eksport.

ETTERSPURNAD: I Noreg melder ullvarefabrikkar om at det er vekst i etterspurnaden etter kvalitetsull. Arkivfoto: Norsk Landbruk
ETTERSPURNAD: I Noreg melder ullvarefabrikkar om at det er vekst i etterspurnaden etter kvalitetsull. Arkivfoto: Norsk Landbruk

Dette fører til at Norilia reduserer avrekningsprisen til saueprodusentane til kroner null for alle klassar. Avrekningsprisen utgjer 10 prosent av prisen til bonden. Utbetalinga til produsentane vil dermed bli lik pristilskotet, som vil bli formidla som før.

Lyspunktet for norske sauebønder er at strikketrendar gjer at fleire ullvarefabrikkar i Norge merkar auka etterspurnad etter kvalitetsull. Derfor blir det ekstra viktig for alle som leverer kvit haustull til Norilia å levere ull som held klasse C1.

Annonse

Hos Fatland Ull merkar dei også prisfallet, men der ser dei ikkje føre seg å redusere betalinga til sauebøndene, skriv Nationen (for abonnenter).

KLASSE: For å få høgaste klassifisering må ulla ikkje vere svart i tuppane, ha vegetabilar eller vere filta. Arkivfoto: Norsk Landbruk
KLASSE: For å få høgaste klassifisering må ulla ikkje vere svart i tuppane, ha vegetabilar eller vere filta. Arkivfoto: Norsk Landbruk

Marion Tviland, som er leiar for ullavdelinga i Norilia presiserer at pristilskotet framleis vil vere der, men at det er ulla av god kvalitet som vil bli best betalt.

– Vi opplever også aukande interesse for norsk ull, så på sikt er vi optimistiske. Produsenten ser det ikkje på botnlina med ein gong, men på sikt håpar vi at det gir positive utslag.

På eit gjennomsnittleg lam som no blir klypt, utgjer fellen, det vil seie den beste delen av ulla, ein stad mellom 800 gram og ein kilo. I tillegg kjem ulla frå lår, buk og hale, som blir fråsortert. Er fellen av beste kvalitet, vil ulla gi ei inntekt på 50–60 kroner for kvart dyr, seier ho til Nationen.

Neste artikkel

5 900 kroner meir på botnlinja