Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Signaliserer forholdstal opp mot 1,05

Mjølkeprodusentar med ein grunnkvote på 200 tonn får kanskje produsere 10 tonn ekstra.

STYRELEDER: Marit Haugen er styreleder i Tine. Arkivfoto: Norsk Landbruk
STYRELEDER: Marit Haugen er styreleder i Tine. Arkivfoto: Norsk Landbruk

På denne tida i fjor hang det mørke skyer over norske mjølkeprodusentar. Tine rådde staten til eit forholdstal på 0,96. Ved årsskiftet var det førstemann til mølla for dei som kunne tenke seg å selje mjølkekvoten sin. Målet var å inndra 40 millionar tonn mjølk.

Så kom pandemien og var med på å snu bildet. I april blei forholdstalet auka til 1,01, og i juni blei det heva til 1,05. Men på grunn av låg produksjon dei første månadane av året har det tatt tid å hente seg inn igjen. Så seint som ved utgangen av september låg den samla årsproduksjonen framleis éin prosent under produksjonen på same tid i fjor.

For ein produsent med ein grunnkvote på 200 tonn endra føresetnadane seg frå 192 til 210 tonn i løpet av året. Nokre bønder har greidd å omstille produksjonen slik at dei greier å fylle den ekstra kvoten. For andre, som la opp til ein roleg start på året, har det ikkje vore mulig å hente seg igjen og produsere så mykje mjølk som dei kan levere.

MJØLK: Det kan bli stor trafikk i mange mjølkerobotar også i 2021 dersom forholdstalet blir 1,05. Arkivfoto: Norsk Landbruk
MJØLK: Det kan bli stor trafikk i mange mjølkerobotar også i 2021 dersom forholdstalet blir 1,05. Arkivfoto: Norsk Landbruk

Derfor er mange spent på forholdstal staten vil legge seg på ved inngangen til 2021. Tine sine analyser seier at behovet for kumjølk ser ut til å halde seg høgt, og indikerer at dei vil tilrå eit forholdstal på mellom 1,03 og 1,05.

Annonse

– Dette er gode nyhende for alle mjølkeprodusentar, og det er viktig at me sender dette signalet allereie nå, seier Marit Haugen, som er styreleiar i Tine, i ei pressemelding.

Dei ferskaste prognosane tilseier eit samla behov for 1510 millionar liter kumjølk i 2021.

For geitemjølk meiner Tine at behovet ser ut til å ligge på det same nivået som i 2020, fordi geita er hardare ramma av oppbremsinga i marknaden for storhushaldning.

Landbruksdepartementet vil fastsette mjølkekvotane for 2021 i starten av desember, og Tine skal bruke november til å framskaffe oppdaterte prognosar før det blir gitt eit endeleg råd.

Årsaka til at Tine signaliserer eit forholdstal på mellom 1,03 og 1,05 allereie nå er fordi bønder skal få best mulig tid til å tilpasse produksjonen neste år.

Neste artikkel

Anslår forholdstall på 1,07