Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slik unngår du bråbrems for Dagros

Unngå raske og ulønsame kvotetilpassingar.

Mjølkeprodusentar som ligg an til å produsere over forholdstallet på 0,98 bør vurdere tiltak for å tilpasse produksjonen. Illustrasjonsfoto: Dag Idar Jøsang

Har du, som så mange andre mjølkeprodusentar, produsert meir mjølk i vinter enn du gjorde i fjor vinter? Er produksjonen framleis innretta på haustens frykt om for lite mjølk? Då kan det vere på tide å bremse produksjonen nå, for å unngå ein bråbrems seinare i år.

Frykt for utslakting på grunn av fôrkrise gjorde at staten valde å stimulere mjølkebønder som hadde sjanse til å produsere meir mjølk ved å tillate dei å produsere fire prosent meir mjølk enn kvota.

Den bestillinga frå staten var det mange som tok, og trass lite grovfôr leverte norske mjølkeprodusentar slik at landet unngjekk ei smørkrise, som den i 2011.

Utfordringa nå er at det igjen ser ut til at norske mjølkekyr leverer meir mjølk enn nordmenn greier å forbruke. Saman med det faktumet at eksportstøtta til Jarlsberg forsvinn i 2020 vil behovet for mjølk bli redusert.

For å dempe produksjonen er forholdstalet redusert frå 1,04 i haust til 0,98 nå. Kvar produsent har fått redusert grunnkvoten med to prosent, i staden for å ha sjansen til å produsere fire prosent meir.

Det betyr at ein mjølkeprodusent med ei gjennomsnittleg grunnkvote på 180 tonn har fått ei bestilling frå staten på vel 10 tonn mindre mjølk enn i fjor.

Men å vere mjølkeprodusent er som å vere kaptein ein supertankar. Når du først har komme opp i fart tar det tid å komme ned i vanleg marsjfart igjen.

Annonse

Derfor ber Tine mjølkeprodusentane som gjekk inn i 2019 med høg produksjon, om å sette på bremsene produksjonen allereie nå for å sikre seg at ein produserer kvota på ein så billeg og rasjonell måte som mulig. Då trengs god planlegging og iverksetting av ulike strategiar.

Det første og viktigaste tiltaket er å redusere kraftfôrmengda. Data i Kukontrollen viser at kraftfôrmengda auka kraftig i haust og vinter.

– I januar var kraftfôrmengda 0,6 kilo høgare per ku per dag enn i januar 2018. Dette har ført til at avdråtten også er høgare enn nokon gong, og i januar var avdråtten 0,9 kilo høgare per ku per dag enn året før, skriv Ingunn Schei, som er fagspesialist fôring i Tine Rådgiving på Tine sine medlemssider.

Førbelse tal for februar viser den same trenden.

– Det må gjerast grep for å få ned produksjonen nå, så det ikkje går ut over mjølkeprisen framover, for å greie å treffe kvota og for å unngå unødige fôrkostnader, skriv ho.

Tine tilrår alle å kjøre ei mjølkeprognose for å vurdere tiltak som eignar seg for kvar enkelt buskap.

For å fylle kvoten på ein effektiv måte bør ein sjå det optimale talet på kyr og avdråttsnivå sjåast i forhold til føresetnadene på garden. Det gjeld både fjøsutforming, grovfôrtilgang, grovfôrkvalitet og driftsopplegg.

Neste artikkel

Stort behov for fornyelse i melkeproduksjonen