Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stor auke i dekningsbidraget gir lite utslag for sauebonden

Den gjennomsnittlege sauebonden på Haugalandet auka dekningsbidraget med 20 000 kroner.

ØKONOMI: Rekneskapsførar Andreas Lundegård driv sjølv ein gard med dei to minst lønsame næringane i landbruket, sau og ammeku.
ØKONOMI: Rekneskapsførar Andreas Lundegård driv sjølv ein gard med dei to minst lønsame næringane i landbruket, sau og ammeku.

Når ein gjennomsnittleg buskap tel 70 vinterfôra sauer utgjer ikkje ein gong eit hopp i dekningsbidraget på 33 prosent dei heilt store summane for kvar sauebonde. Snautt 20 000 kroner per bonde.

Til liks med ammekunæringa har sau vore den av husdyrproduksjonane våre som har hengt lenst etter på inntening, heiter det om inntektsutviklinga for sauebønder i rapporten frå Tveit Regnskap.

Annonse

– Tilskot utgjer fort 60 prosent av innteninga i produksjonen, og det politiske landskapet sett saman med internasjonale handelsavtalar avgrensar mulighetene ein har for å betra inntekta nemneverdig. Sauen spelar ei viktig rolle med tanke på både kulturlandskap og berekraftig produksjon – næringa bør òg sikrast berekraftige ramevilkår, skriv Andreas Lundegård i sin kommentar.

I snitt gjekk dekningsbidraget opp med 261 kroner, til 1 041 kroner, går det fram av rapporten.

– Utfordringa for sauebøndene er at det alltid vil vere nokre nissar som et av lasset. Sjølv om dagens kostnadsbølgje ikkje slår inn i rekneskapane før 2022/2023, var også 2021 prega av eit stigande kostandsbilde i samfunnet. Straumprisane byrja å stige markant utover hausten, og det same gjorde dieselprisane. Vidare har landbruket eit stort vedlikehaldsbehov og ei viss nybygging, så prisauka på byggjemateriale slo òg ut i bonden si lommebok. I tillegg steig prisane på handverkarar og andre tenester bøndene forbrukar, fortel Lundegård.

Neste artikkel

Svinaktig gode år under pandemien