Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svinaktig gode år under pandemien

2021 var eit godt år for svineproduksjon i Noreg. Det viser rekneskapstal frå Tveit Regnskap.

AUKE: Den gjennomsnittlege slaktegrisprodusenten på Haugalandet hadde ei auke i dekningsbidraget på 18 prosent i 2021. Foto: Marit Glærum
AUKE: Den gjennomsnittlege slaktegrisprodusenten på Haugalandet hadde ei auke i dekningsbidraget på 18 prosent i 2021. Foto: Marit Glærum

Koronapandemien førte til ei hopp i bondeinntekta etter fire år med utflating i inntekta frå 2015 til 2019. Det viser Tveit Regnskap sin årlege rapport frå Hauglandsjordbruket, der følgjer mellom 200 og 300 gardsbruk over tid.

I ALT HAR REKNESKAPSFIRMAET rundt 1 700 gardsbruk i si portefølje. Dei utvalde bruka er familiebruk som har hovudinntekta si frå jordbruket, og rapporten byggjer på faktisk tal frå rekneskapen for 2021.

Norsk Landbruk har tidlegare skrive om tala for i mjølkeproduksjon. For grisebønder viser Tveit Regnskap sine tal at ein har vore gjennom to svinaktig gode år som følgje av at handledisken hos Søta Bror har vore stengd for nordmenn i lange periodar.

INNTEKTSUTVIKLING: Det er Andreas Lundegård og Tveit Regnskap som står bak den årlege rapporten om inntektsutviklinga for bønder på Haugalandet. Foto: Dag Idar Jøsang
INNTEKTSUTVIKLING: Det er Andreas Lundegård og Tveit Regnskap som står bak den årlege rapporten om inntektsutviklinga for bønder på Haugalandet. Foto: Dag Idar Jøsang
Annonse

DERFOR HAR FLEIRE AV MIDDAGANE ved norske kjøkkenbord blitt laga av norske råvarer, som for eksempel svinekoteletter. Det har bidratt til stor etterspurnad, med tilhøyrande god inntening for bonden.

– Faren for overproduksjon vil då sjølvsagt vere til stades, men då gjerne ikkje grunna at for mange bønder hiv seg på karusellen og vil starte med gris. Til det er inngangsbilletten for høg - ein slaktegrisfjøs kostar i dag fort 8-9 millionar kroner, og med dagens debatt kring kapitalavkastning i jordbruket er det dei færraste som kan eller vil ta seg råd til eit nybygg. Eigentleg er det eit sjukdomsteikn for ei næring som treng fornye driftsapparatet. Ei eventuell uro kring overproduksjon på gris knyter seg nk heller til at svenskane står klar med bacon på grensa, skriv forfattaren av rapporten, Andreas Lundegård. Han er landbruksrådgjevar og rekneskapsførar i Tveit Regnskap.

TALA VISER AT DEKNINGSBIDRAGET per slaktegris enda på 476 kroner per gris, som er ein oppgang på 73 kroner, eller 18 prosent. For smågrisprodusentar er auka noko mindre enn for slaktegrisprodusentar. Her viser rekneskapstala eit dekningsbidrag på 22 500 kroner per purke, mot 19 200 kroner året før. Det utgjer ei auke på 3 300 kroner, 17 prosent.

For produsentar med kombinert produksjon var dekninsbidraget 26 500 kroner per per purke, som er opp frå 24 700 kroner. Auka blir då på 7 prosent. For dei som driv kombinert og smågrisproduksjon var det gjennomsnittlege dekningsbidraget på 22 500 kroner. Det var 3 300 kroner meir per purke, som utgjer 17 prosent meir enn året før.

Neste artikkel

Enestående svensk purkefjøs