Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine ønskjer meir feitt i mjølka

Mens konsumet av drikkemjølk går ned aukar etterspørselen etter mjølkefeitt.

Etterspurnaden etter mjølkefeitt aukar, mens behovet for andre fraksjonar blir lågare. Derfor vil Tine ha mjølk med endå meir feitt.

Det er berre ein brøkdel av mjølka som blir produsert rundt om på norske gardar som blir vidareseld som heil mjølk. I ystemjølka er det for eksempel 3 prosent feitt, i lettmjølka 1,2 prosent, mens smør nesten er reint mjølkefeitt, skriv Tine på sine medlemssider.

Skal Tine greie å drive mest mulig lønnsamt må mjølka vere samansett på ein måte som gjer at dei får utnytta og seld alle fraksjonane i mjølka. Når folk drikk mindre mjølk, samstundes som salet av feite produkt aukar, er det viktig å stimulere til at bøndene produserer mjølk med ein høgare feittprosent.

For tida pågår det eit arbeid med å lage verktøy som måler både feittmengde og samansettinga av feittet, for at ein skal kunne premiere mjølk med høg andel umetta feitt.

Annonse

Eitt av tiltaka for å få ein god balanse mellom ulike deler av mjølka er å redusere feittinnhaldet i enkelte produkt, utan at det går ut over smaken på produkta. Det må til dømes gjerast på ein måte som gjer at prisen på produktet speglar kostnaden med å produsere mjølkefeittet. Avgifter og tilskot til produkt i Prisutjamningsordninga kan vere eit aktuelt verkemiddel for å påverke etterspørselen etter feitt.

Feittbetaling til mjølkeprodusentane er eit viktig verktøy fordi mange produsentar kan auke feittinnhaldet i mjølka. Samstundes som styret i Tine løpande vuderer kva nivå feittbetalinga skal ligge på oppfordrar dei produsentar som har meir å gå på om å dreie fôringa med sikte på å auke feittinnhaldet.

Neste artikkel

Tine: Uproblematisk at vi driver avlsrådgiving på holstein og jersey