For tredje gong på rad var det Finland som stakk av med den aller gjevaste prisen. Den kom frå mørbrad av ei grasfôra ayrshire-kvige. Leverandøren av det velsmakande biffkjøtet er JN Meat International.
AUSTRALSKE JACK’S CREEK er også ein gjengangar når det er snakk om dei gjevaste prisane på World Steak Challenge. I år vann dei klassane for både filet og entrecôte. Filet var frå wagyu som er fôra fram på ein diett som for ein stor del består av soya og mais.
Kraftfôr var også viktigast i dietten i kua som laga den beste mørbraden. Rasen var ei blanding mellom wagyu og angus.
Juryen besod av meir enn 50 medlemmer med ulike roller i kjøt- og restaurantfaget.
PRIMA JÆREN DELTOK MED kjøt frå ei ni år gammel ku som var krysning mellom angus og hereford. Slaktevekta var 333 kilo, og i EUROP-systemet blei den klassa til R og feittklasse 5-. Kjøtet blei tørrmodna i 40 dagar før det blei skore ned.
Den andre kua var ei tre år gammal ungku av angus. Slaktevekta var 347 kilo, klassen var R- og 4+ i feitt. Kjøtet blei vacuummodna.
I tillegg til to gullmedaljar blei det også to sølv og ein bronse.
UNDER WORLD STEAK CHALLENGE blei det delt ut til saman 200 gull, 48 sølv og 46 bronse i dei tre kategoriane filet, entrecôte og mørbrad. Då Prima Jæren deltok i 2019 blei dei premiert med ei sølv og ei bronse. I år blei det to gull, to sølv og ei bronse.
I alt var det leverandørar i 23 land som deltok i konkurransen. I tillegg til Europa var både Australia, New Zeland, Sør- og Nord-Amerika representert. Som ein stor storfenasjon og arrangør hanka naturleg nok Irland inn aller flest medaljar. I alt blei det 75 medaljar, og 47 av dei var gull.
JN MEAT INTERNATIONAL DELTOK med kjøt frå tre ulike land: Finland, Tyskland og England. I tillegg å til å vinne den aller gjevaste prisen vann dei i alt 35 gullmedaljar, og 21 av gullmedaljane kom frå kjøt som er produsert i Finland.