Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jærbonde aukar produksjonen

Skal opp i 900 tonn mjølk

Stig Gimre er ein av bøndene som nyttar seg av sjansen når Sylvi Listhaug gir bønder større armslag. Gimre Samdrift DA, der solabuen er den aktive parten, har ei mjølkekvote på 750 tonn, men om nokre månader veks den.

– Frå nyttår av aukar me mjølkekvoten til 900 tonn i tråd med ønskje til Sylvi Listhaug, fortel han.

I tillegg til produsere mjølk leverer Gimre også 350 oksekalvar til slakt kvart år, slik at talet på storfe ligg rundt 800 dyr i året. Utanom samdrifta produserer han også mellom 4 000 og 4 500 smågris kvart år.

Tidlegare denne veka var garden til Gimre vert for fôrmiksardemonstrasjonen til Forum Ku. Sjølv har han hatt fôrmiksar i åtte år og importerte då ein miksar av merket USA frå Nederland. Den fôrmiksaren har ikkje norsk importør og blei derfor ikkje vist fram for dei mellom 200 og 250 interesserte som møtte på demoen.

Stig Gimre kjøper råd frå den danske rådgjevaren Carsten Houmann og firmaet Slagtekalve når han skal setje saman fullfôrmiksen. Dei tar prøvar av grôvforet og lagar resepten mjølkebonden fôrar etter.

Annonse

– Då eg bygde i 2002 hadde eg fem kraftfôrautomatar, men dei har eg kasta ut etter eit par år og gjekk over til fullfôr. Det har gitt ei jamnare kurve på ytinga per ku per dag, slik at me ikkje har dei toppane og botnane som me hadde tidlegare. Utfordringa er at nokre kyr kan bli for feite, men gjeld ingen stor prosent av flokken, seier han.

Avdråtten auka då Gimre la om til fullfôr, frå om lag 7 000 liter til mellom 8 000 og 9 000 liter i dag.

– Eg kunne gjort tiltak for å auke avdråtten til 10 000 og 11 000 liter, men prioriterer heller totalpakken med å få oksekalvar til slakt, seier Stig Gimre.

Neste artikkel

Mener melkebruk står for hopp i angus-semin