Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kostar hjorten meir enn han smakar?

Timotei tåler beitinga dårlegast.

Kostar hjorten meir enn han smakar har vore det store spørsmålet i NIBIO-prosjektet til Pål Thorvaldsen. Prosjektet pågjekk frå 2003 til 2014. Foto: Pål Thorvaldsen
Kostar hjorten meir enn han smakar har vore det store spørsmålet i NIBIO-prosjektet til Pål Thorvaldsen. Prosjektet pågjekk frå 2003 til 2014. Foto: Pål Thorvaldsen

Den aukande bestanden av hjort har verknad på naturlege økosystem og på avlingsnivå og plantesamansetjing i bonden si eng. Forskarane i NIBIO har sett på skadeomfanget av hjortebeiting i enga og på kva tilpassingar bonden må gjere i engdyrkinga si.

I løpet av de siste tiåra har talet på hjort i Noreg auka kraftig, og hjort er i dag det mest talrike av hjortedyra våre. Viktige faktorar for denne veksten i bestanden er avskyting retta mot hanndyr, mildare klima, skogplanting, fråvær av store predatorar og generell attgroing. Flest hjort har vi i Sogn og Fjordane der det vart skote over 10 000 dyr i 2012. På landsbasis vart det same år skote meir enn 35 000 dyr.

HJORTEN ER EIN NØKKELART

I prosjektet «Kostar hjorten meir enn han smakar?» har forskarar ved NIBIO Fureneset og Norsk viltskadesenter berekna skadeomfanget av hjort på skog og eng. I del ein av sluttrapporten vert kostnadane sett opp mot dei inntektene som vert generert gjennom jakt og sal av jakt. I del to såg forskarane på utfordringane ved dyrking av eng under sterkt beitepress av hjort, og korleis gardbrukarane kan tilpasse engdyrkinga for å oppretthalde avlingsnivået.

Hjorten er ein allsidig beitar og kan ved tette bestandar gjere stor skade på eng, skog og frukthagar. Samtidig er den selektiv og favoriserer unge planter og plantedelar som er dei mest protein- og næringsrike. Dette fører til at hjorten verkar inn på vegetasjonsstrukturen og førekomsten av mange planteartar i leveområdet sitt. Slik sett er den ein nøkkelart i det naturlege økosystemet.

Les også: Villsvin trampet ned korn

At hjorten beiter på innmarka er ei naturleg følgje av at det gjer lett tilgang til næringsrikt beite. Kvaliteten på beiteplantene på innmarka er som regel betre enn beitekvaliteten i utmarka.

ATTRAKTIVT INNMARKSBEITE

- Beiteressursane på innmark er attraktive for hjorten fordi dei er lett tilgjengelege og har høg kvalitet. Planteveksten kjem tidlegare i gang om våren på innmark enn i utmark og den varer også lenger utover hausten, seier forskar Pål Thorvaldsen, NIBIO.

Men det er ikkje berre fôrtilgangen som avgjer kvar hjorten føretrekkjer å opphalde seg.

Timotei er den grassorten som tålar beiting dårlegast. Foto: Pål Thorvaldsen

- Kor ofte hjorten oppsøkjer innmarka varierer mellom årstidene, og er generelt sett ei avveging mellom trongen for tryggleik og tilgang på gode beiteressursar. Frå slutten av mai og utover forsommaren er beiteressursane på sitt beste i utmarka. Med små kalvar søkjer de fleste hjortedyra då skjul og tryggleik i utmark.

Bilete frå forsøksverksemda teke i slutten av mars og synleggjer korleis planteveksten har komme godt i gang i den delen av feltet som har vore gjerda inn gjennom heile vinteren. Utafor gjerdet har hjorten beita kraftig på det spirande graset. Foto: Pål Thorvaldsen. 

TIMOTEI TÅLER BEITING DÅRLEG

Basert på resultat frå ti større forsøksfelt med dei fire mest brukte grasartane timotei, engrapp, engsvingel og flerårig raigras, har forskarane i NIBIO sett på korleis dei ulike grasartene vert påverka av hjortebeiting. Det viser seg at timotei er den einaste arten som tek vesentleg skade, medan engsvingel, engrapp og fleirårig raigras toler beiting betre.

- Timotei er den viktigaste planta i norsk grovfôrdyrking fordi den er vinterherdig, etablerer seg raskt etter engfornying, gjev stor avling og eit smakeleg fôr, seier Thorvaldsen.

- Timoteien si svake side er at den ikkje toler beiting. Timoteiinhaldet minkar raskt i eng som vert utsett for hjortebeiting, trongen for fornying aukar, men på grunn av vedvarande beitepress får ein lite igjen for å fornye enga.

Annonse

Hjortebeiting kan også gje eit auka ugrasproblem, først og fremst som ei følgje av trakkskadar i fuktige parti av enga eller på eit nysådde areal før plantedekket har fått etablert seg.

DEI MEST AKTIVE BRUKA HARDAST RÅKA

- Avlingstapet er svært stort for enkelte av gardbrukarane, og aller størst hos dei som praktiserer regelmessig engfornying for å bevare timoteien i enga. Dette gjer at det ofte er dei mest aktive bruka som vert hardast råka, seier Thorvaldsen.

Bilete frå forsøksverksemda teke i slutten av mars og synleggjer korleis planteveksten har komme godt i gang i den delen av feltet som har vore gjerda inn gjennom heile vinteren. Utafor gjerdet har hjorten beita kraftig på det spirande graset. Foto: Pål Thorvaldsen.

Det kommer av at gammal eng med lite timotei er mindre attraktiv også for hjorten. I tillegg til mengde timotei, er geografisk plassering og alder på enga dei faktorane som verkar sterkast inn på avlingstapet.

- På ung eng med mye timotei finn vi eit avlingstap på meir enn 20 % ved første slått. Tapet ved andre slått er noko mindre, men vil auke ved seinare haustetidspunkt etter kvart som hjorten trekkjer inn på innmark utover hausten.

FÆRRE HJORTAR KAN BERGE AVLINGA

- Det kan vere aktuelt å bruke ein større del beitetolerante artar som engsvingel, engrapp, raigras og raisvingel i frøblandingane som vert sådde. Raigras og raisvingel kan også brukast åleine, men mange stader er ikkje desse artane vinterherdige nok til å gje stabile avlingar, seier Rivedal.

Reduksjon i beiterykket er likevel den einaste sikre måten å berge avlingane på i område med stor beiteskade.

- Det som truleg har størst verknad er å redusere bestanden av hjort gjennom auka avskyting mange stadar. I enkelte tilfelle der enga ligg isolert til med store utmarksareal rundt, kan inngjerding vere det einaste alternativet for å berge avlinga, avsluttar Thorvaldsen.

SLUTTRAPPORT 1 OG 2 FRÅ NIBIO:

«Kostar hjorten meir enn han smakar» er tittelen til eit NIBIO-prosjekt som varte frå 2003-2014. Prosjektet var delt i to delar: Del 1 var ferdig i 2010 og omhandla først og fremst kostnad og nytteverdien av hjort for grunneigarar i eit storvald; Del 2 vart sluttrapportert i 2014 og tok føre seg skadar og skadeomfang av hjortebeiting i fulldyrka eng.

Gjennom prosjektet har NIBIO utvikla ein takseringsmetodikk med tilhøyrande dataverkty for å rekne ut avlingstapet etter hjortebeiting på eng.

Sluttrapport del 1: Beregkning av kostnad og nytteverdi av hjort i Eikås storvald i Jølster kommune.

Sluttrapport del 2: Skader og skadeomfang av hjortebeiting i fulldyrka eng.

Neste artikkel

Mener melkebruk står for hopp i angus-semin